Lokal | 07. jan. 2014

Fri flyt av kloakk i Tellevika

Innbrotet i Tellevika var det andre innbrotet i reinseanlegget på fire dagar. Dei som skar seg inn døra hadde med seg dyne, skrudde varmen på fullt og slo av anlegget.

Fri flyt av kloakk i Tellevika
Dette reinseanlegget i Tellevika har vore utsett for innbrot to gongar på fire dagar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. jan. 2014 10:28

Måndag blei politiet tipsa om mogleg innbrot og observasjon av to personar i reinseanlegget i Tellevika.

Anlegget reinsar kloakk for fleire hundre bustadar i Kuvågen-området.

– Dei som var inne i anlegget har skrudd det av, slik at ureinsa kloakk rann ut i fjorden, fortel teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

– Vi kan vera glade for at det ikkje er badesesong, legg ho til.

Det skal gå ein alarm til teknisk vakt når anlegget blir slått av. Kramer er usikker på om alarmen blei utløyst.

Skar hol i døra

Også fredag blei det oppdaga innbrot i huset anlegget står i.

– Dei skar då hol i døra. Vi tetta med ei treplate, men i går skar dei hol i denne.

– No vil vi kjøpa ei sterkare dør, sjekka alarmen på anlegget og i tillegg få innbrotsalarm.

Brukt som varmestove?

I tillegg til å øydelegga døra og skapa forureining ved å slå av anlegget har den eller dei som står bak ha tatt førstehjelpsutstyr frå eit medisinskap.

– Dei har også kasta ein perm med protokollar i ein kontainer utanfor og truleg også fikla med pumpene, så desse må vi ha inspeksjon på.

Då politiet var på staden fann dei ei dyne.

– Det er uvisst kva som var hovudmotivet for innbrota, men sidan dei har hatt med dyne, skrudd opp varmen og slått av det støyande anlegget ser det ut som om nokon har leita etter ein tørr og varm plass å vera, seier Marianne Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.