Frida Amundsen skal synga i fjøresteinane
Skal på scenen før Trygve Skaug.


Tidlegare i vinter kunne Øyafest-arrangørane fortelja at Trygve Skaug kjem for å spela på den faste gratiskonserten i Homrahølo.
I dag supplerer dei med Frida Amundsen.
Årets festival går av stabelen torsdag 30. juli til laurdag 1. august.

Frida (fødd i 1992) frå Vaksdal slo først igjennom i 2011 med den lette poplåten Closer og gav etter det ut ei rekkje singlar som blei spelte på radio, som Rush, Opp og Told You So.
Så kom to album, September Blue og What You Asked For, før ho tok ein lengre pause frå artistkarrieren for å fokusera på låtskriving for andre i ulike sjangrar.
Ho har skrive for norske artistar som DePresno, Peder Elias, Sandra Lyng og Angelina Jordan.
Etter fleire år i London byrja Frida å skriva for DJ-artistar som Afrojack, Gorgon City, MK, Bunt og Kaskade.
I 2022, etter å ha flytta tilbake til heimbygda si, bestemde ho seg for å endeleg følgja draumen ho alltid har bore på, nemleg å syngja på norsk!
Ho byrja å omsetja kjende låtar til norsk på some-kanalar, og har generert til saman fleire millionar visingar av videoar der ho syng When You Say Nothing At All, Save Your Tears, Nothing Else Matters og You’ll Never Walk Alone.
I april 2025 gav ho ut sin første originale låt, Spor, til det norske albumet ho jobbar med, ho vart A-lista på P1 i over 19 veker og fekk også tillaga ein video i samarbeid med Sylvsmidja som lagar handlaga bunadssølv og smykkar på Voss.
Øyafest 2026
– programmet så langt
Torsdag i Homrahølo (gratis): Frida Amundsen og Trygve Skaug
Fredag, gratis familiefest på dagtid: Innslag er enno ikkje annonsert.
Fredag i telt på Sundøy Arena (utselt på eitt minutt): Cir.Cuz og The Strils (med Christer Sundøy Røttingen i front)
Laurdag i teltet: Seagulls og den faste «fyrbøtaren» Goggen.
Laurdag på hovudscenen: Jonas Lovv, Rotlaus og Kjartan Lauritzen.





