Kultur | 25. des. 2011

Fridde i Oseana

Sandra Bakervik Bagne trudde ho var åleine i kunstutstillinga, men der møtte ho sambuar André Kopperud Gill, på kne med med ringen klar.

Fridde i Oseana
Sandra gjekk på fotoutstilling før middag. Der sto André klar til å fri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. des. 2011 13:25

I sommar hadde Oseana sin første bryllaupsfest, tysdag 20. desember hadde kunst og kultursenteret kanskje sitt første frieri.

– Det er i alle fall det første eg kjenner til, fortel direktør Kim Kristoffersen.

Han blei kontakta av André Gill, som trengte hjelp til å fullføra planen om å halda frieriet hemmeleg heilt fram til det avgjerande spørsmålet.

Midtsiden fekk nyss i saka og André ville, som takk for hjelpa han fekk hos Kim, la Midtsiden fortelja histroria. Så sant Sandra sa ja til både frieriet og eit lite pressebesøk, og Midtsiden heldt saka igjen til nærmaste familie hadde blitt orientert.

Lokka inn i utstillinga

Sandra og André er begge frå Os, men er no sambuarar i Bergen, der André jobbar og Sandra går på skule. Sandra trudde ho skulle på middag på Færingen med foreldra til sambuaren då ho møtte i Oseana tysdag kveld.

– Eg ville ikkje at ho skulle fatta mistanke, derfor ville eg ikkje seia at det berre var oss to, seier André om den vesle løgna.

Kristoffersen hadde fått opna kunstutstillinga og informert dei tilsette ved restauranten. Då paret kom inn i restauranten, der foreldra naturlegvis ikkje hadde kome enno, sa André at han skulle på toalettet.

– Så kom servitøren og spurte om eg ikkje ville ta meg ein tur inn i kunstutstillinga medan eg venta. Der og då syntes eg ikkje det var så rart å bli invitert, uansett takka eg ja og blei følgt til glasdøra inn til galleriet, fortel Sandra.

– Eit langt minutt

I mellomtida sto André inne i Hvelvet, der Os Fotoklubb si utstilling heng.

– Eg ville at vi skulle vera for oss sjølv, og at ingen forbipasserande utanfor dei store vindauga skulle forstyrra oss.

– Det blei eit langt minutt å venta.

Sa ja i ein fei

Sandra blei lurt ei stund, men forsto kva som skjedde i det ho såg André stå klar.

– Eg trudde eg var åleine i det eg gjekk inn i Hvelvet, så i det eg såg at André sto der så skjønte eg at det var noko alvorleg på gang.

Det gjekk ikkje mange sekund før han var ned på kne heller, og då var saka grei.

– Eg sa ja før han hadde snakka ferdig. Eg blei veldig overraska og veldig glad, det var så utruleg fint!

– Oh my god!

André fekk sagt ein del av det han hadde panlagt å seia, resten gjekk opp i gledesrus.

– Eg fekk eit klokkeklart «ja!» og det var så stort. Eg har planlagt dette lenge, eg lurte på å gjera det i utlandet, men eg ville først og fremst at det skulle bli ei overrasking, fortel André.

– Eg kjente at eg skalv i det eg gjekk inn igjen i restuaranten, og eg sa «oh my god» om igjen og om igjen utover kvelden, seier Sandra.

Den beste julepresangen

Oseana og Kim får ei stor takk frå dei to, spesielt frå André, som trengte ein fleksibel lagspelar for å få alt til å klaffa.

– Eg synes berre det er kjekt å hjelpa, og så er det jo stas at Oseana og Færingen kan vera arena for store begivenheter, seier direktøren.

Nå feirar Sandra jul med ein fin ring med tre diamantar i på fingeren.

– Ingen presangar kan tangera denne, seier ho.

Kor tid Sandra og André, som har vore saman i nesten seks år, skal gifta seg, er førebels ikkje bestemt.

– Den planlegginga får vi ta seinare. No gler vi oss til å fortelja det til familie og venar, og til å feira jul som forlova.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.