Lokal | 18. des. 2012

"Frihet til å velge"

Midtsiden julekalender, luke 18: Finn ut kva bygg Midtsiden har tatt bilde av og vinn premie!

"Frihet til å velge"
Kor er dette? (Foto: Kari Marie Austevoll)
Kari M. Lyssandtysdag 18. des. 2012 08:41

I går var det mange som hadde gått på den vesle finta vi tok. Det var ikkje det nye beredskapsbygget (Brannvesenet og Legevakta) på Moberg vi vitja. Der var vi 11. desember.

Men det var i same gate. Vi hadde nemleg vitja den gamle legevakta, kor ambulansane framleis held hus.

Vi var i Røde Kors-bygget i Kolskogen. Det visste Elisabeth Lepsøy.
Du kan ta med deg legitimasjon og hente premien, ein skilås, hos MX Sport Os.

Vi har reist vidare rundt i bygda vår og tatt bilde av forskjellige bygningar, men kor er vi no?

Klarer du å finne ut kva bygg det er? Då kan det bli premie på deg.

Svaret sender du på epost til andris@midtsiden.no.
(Legg ved fullt namn og mobilnummer)

PREMIAR

Vi kjem til å ha 3-4 ulike premiar å by på. Premiane er sponsa av MX Sport og har ein verdi på mellom 100 og 300 kroner per dag.

Dagens premie: Skilås

Om du vil ha meir spenning kan du kjøpa skistrømpe frå Mico eller eit Vikafjell-produkt hos MX Sport.
Då får du nemleg, i rein Willy Wonka-stil, ein gullsjokolade, og i denne kan det ligga premie verdt opptil 3000 kroner!

TIPS!

Svaret på oppgåva og navn på vinnaren blir presentert i oppgåva for i morgon.

Tips: I overskrifta ligg eit hint som kan hjelpa deg på veg.

Lykke til!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.