Lokal | 28. aug. 2014

Friluftsrådet overtok Ramsholmen

BOF overtek det formelle ansvaret for Ramsholmen friluftsområde frå Rotary. – Eg er mektig imponert over dugnadsgjengen, seier Åge Landro.

Friluftsrådet overtok Ramsholmen
Administrativ leiar i friluftsrådet, Åge Landro takka Øystein Moberg og dugnadsgjengen for ein framifrå innsats (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. aug. 2014 12:09

Bildeserie:

Før han overrekte ei lita skipsklokke til president i Os Rotary Øyvind Tøsdal (foto: AH)
Før han overrekte ei lita skipsklokke til president i Os Rotary Øyvind Tøsdal (foto: AH)
Tøsdal takka Bjørn Haugland for ideen og innsatsen for å sikra eigedommen (foto: AH)
Tøsdal takka Bjørn Haugland for ideen og innsatsen for å sikra eigedommen (foto: AH)
Ordførar Terje Søviknes takka på vegne av kommunen og overrakte det formelle ansvaret for Ramsholmen til BOF (foto: AH)
Ordførar Terje Søviknes takka på vegne av kommunen og overrakte det formelle ansvaret for Ramsholmen til BOF (foto: AH)
Dugnadsgjengen, samarbeidspartnerar og familie var samla ved overdraginga av eigedommen (foto: AH)
Dugnadsgjengen, samarbeidspartnerar og familie var samla ved overdraginga av eigedommen (foto: AH)
1 av 4

Tysdag inviterte Os Rotary Klubb medlemmar, samarbeidspartnerar og kommunen til den formelle overrekkinga av Ramsholmen friluftsområde med sjøhus, fiskekai og leirområde til Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).

President i Os Rotary, Øyvind Tøsdal, nytta høve til å takka Bjørn Haugland.

– Utan han hadde ikkje anlegget blitt noko av. Det var han som hadde ideen og som skaffa tomta, fortalde Tøsdal, som òg nytta høve til å takke den store dugnadsgjengen leiia av Øystein Moberg.

Øystein Moberg orienterte om vegen frå idé til realisering og dei mange dugnadstimane som har blitt lagt ned. Midtsiden kjem tilbake med meir om historia bak i eige sak.

Priviligert kommune

Ordførar Terje Søviknes (Frp) overrekte på vegne av kommunen eit gåvekort på utstyr for 10 000 kroner til anlegget.

– At BOF no tek over det formelle ansvaret for Ramsholmen er vi veldig glade for.

– Eg kjenner Åge Landro og BOF som ein effektiv organisasjon med handlekraft som vil skapa best mogleg vilkår for å utøva friluftsliv.

– Vi set òg stor pris på at Rotary vil helda fram med det praktiske arbeidet her ute.

– Vi er priviligerte som innbyggarar i kommunen over å få eit så flott anlegg, helsa ordføraren.

Mektig imponert

Administrativ leiar i BOF, Åge Landro, var glad ordføraren presiserte at dei berre hadde fått det formelle ansvaret.

– Vi skal vera oljekanna som smører dei bevegelege delane i motoren, slik som vi har gjort her ute.

– BOF har ei forpliktig å gjera noko for alle, også eldre og funksjonshemma.

– Ramsholmen er med å gjera Os-skjergarden tilgjengeleg også for desse gruppen.

– Eg er mektig imponert over den dugnadsinnsatsen de har lagt ned her, helsa Landro, som i tillegg til ein verbal blomst til alle som har bidrege overrekte ei skipsklokke til president i Os Rotary Klubb, Øyvind Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.