Sport | 25. mai 2016

Frisk og fint på fjorden

Sesongens andre Korsfjordtrimmen gjekk i frisk og fin nordavind, men med ei litt spesiell ramme rundt seg.

Frisk og fint på fjorden
24. mai med kurs for Lille Laugarøy (foto: Bjarte Bergtun)
Andris Hamreonsdag 25. mai 2016 08:39

Bildeserie:

1 av 2

I løpet av sesongen arrangerer Os Seilforening saman med Milde Båtlag heile 16 regattaer som samla utgjer Korsfjordtrimmen. Annankvar tysdag samlast ivrige seglarar ved Blia for å setta kvarandre i stemne.

Tysdagens løp var inga unntak, men fekk ei litt spesiell ramme rundt seg.

– For berre nokre dagar sidan fekk vi melding om at Dag Olav Drange hadde måtte gje tapt for kreften og døydde 21. mai. Det var difor heilt naturleg at båtane samla seg rundt startbåten uten segl og viste Dag Olav ein ærbødig takk for innsatsen for seglsporten med å heise det norske flagget og ha eitt minutts stillhet, seier Svein Skoglund i Os Seilforening. (Les Milde Båtlag og Os Seilforening sitt minneord nedst i saken).

God fart over fjorden

Starten blei delt slik at dei minste båtane starta først, før dei store båtane slapp laus.

– Alle båtane kom seg fint over startstreken og kryssa seg opp mot første merke ved Bjelkarøy/Buarøy. Sjølv om det blei vald ulike kursar ut frå start samla båtane seg ved runding.

– Etter runding ved første merke kom spinnakarane opp og gav båtane god fart mot runding Lille Laugarøy. Fleire av båtane såg 9-talet på loggen og dei store båtane byrja å ta att dei små, så det blei ei ny samling mot runding, fortel Skoglund.

Ved runding var det om å gjera å stå lengst mogleg med spinnaker og få den raskt ned for å komma raskast ut på kryssen tilbake til mål.

– Det blei ein fantastisk frisk og fin kveld på fjorden. Etter målgang var det for oss i Os Seilforening å finna ein slørekurs heimover, sette på autopiloten, finna fram kaffien og noko å bita i og berre nyta solnedgangen, seier Skoglund.

Resultata ser du i bildeserien over.

Minneord for Dag Olav Drange

Dag Olav Drange var en mentor for seilsporten og arrangementene, han har vært aktiv seiler i Oselvar og i tur- og havbåter. Dag Olav har vært arrangør og tilrettelegge for de fleste seilasene i Milde Båtlag og Os Seilforening i gjennom en årrekke.

Han har vert deltaker i Oselvar-NM og tilrettelegger for NM-regattaer.

Han har i mange år vært i startbåten på Korsfjordtrimmen, samt andre regattaer og ofret egen seiling så alle de andre kunne få et perfekt arrangement. Han var en perfeksjonist med tidtaking og resultater, hadde alltid orden i sine lister.

Milde Båtlag, Os Seilforening og ikke minst familien har nå mistet en fantastisk person ved Dag Olav sin bortgang. Vi lyser fred over hans minne.

Svein Skoglund
for Milde Båtlag og Os Seilforening

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.