Lokal | 01. sep. 2015

Frisk opning av Os Idrettspark

#ValiOs15: Laurdag 12. september, to dagar før valet, skal fleire politikarar kappspringa i 4 x 100 meter stafett på Kuventræ.

Frisk opning av Os Idrettspark
Fleire parti har allereie takka ja til å delta i stafett under opninga av Os Idrettspark 12. september. Kven som stiller for kvart parti er førebels uvisst. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2015 12:44

Helga laurdag og søndag 12. og 13. september blir det arrangert opningsstemne på nye Os Idrettspark.

Laurdagen er det offisiell opning og friidrettsgruppa i Os Turn har utfordra lokalpolitikarane til å koma med eit ekstra underhaldningsbidrag: Stafett!

Takka ja på strak arm

Rundt klokka 13.45 laurdagen ønskjer arrangørane å ha 4 x 100 meter stafett med alle dei ni lokalpartia representert.

Eposten blei sendt ut i dag og Midtsiden fekk på strak arm svar frå fleire av representantane.

– Vi stiller! skriv Jon Sivert Rykkel frå Venstre og Terje Søviknes frå Frp.

– Det skal vi prøva å få til, skriv Terje Sperrevik frå TvS og Helge Steinum frå Ap.

Vurderer å laga eige uttak-stemne

Laguttak er førebels ikkje tatt, men Frp vurderer å arrangera intern kvalifisering.

– Den fysiske formen til lokalpolitikarane er kanskje ikkje så god, men eg trur dette blir eit morosamt innslag, skriv Sverre Mowinckel-Nilsen i invitasjonen.

Han håper kvart lag stiller godt uniformert med sko og trøye i partiet dei representerer sine fargar.

Spyd, kule og hekkeløp

Blant idrettsutøvarane som skal delta er det lagt opp til fleire ulike øvingar under stemnet, som skal vera det første store friidrettsstemnet som er arrangert i Os på mange år.

Deltakarane er frå rekruttalder, under 10 år, til vaksne, og detskal konkurrerast i alt frå lengde, høgde og 60 meter til spyd, kule og hekkeløp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.