Kultur | 23. nov. 2017

Frode Vidars gjer comeback for Coca Cola-nissen

Ni år etter debuten rockar dei jula inn på Røykenes.

Frode Vidars gjer comeback for Coca Cola-nissen
Coca Cola-nissen kjem til Er An igjen, denne gong akkompagnert av Frode Vidars. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. nov. 2017 10:17

Coca Cola-nissen kjem til Er An Veikro også i år. Måndag om knappe to veker blir det møte med både den dekorerte lastebilen og den ekte amerikanske nissen.

– Det er fri entré og for dei som vil ha litt ekstra stemning har vi julegraut og julebrus på menyen denne dagen, seier Linda Andersen.

Det er tredje gong at Coca Cola-nissen besøker vegkroa, i år blir han akkompagnert av eit lokal, svårsk danseband vi har sett lite av etter den livlege perioden etter debuten i 2008.

Frå spøk til musikkvideo på 8 dagar

I slutten av juli 2008 blei ein fleip til ein idé - og så skaut det fart.

«Tenk om eg og du hadde starta danseband, så kunne vi ha kalt oss Frode Vidars» blei sagt mellom Frode Sirevåg og Vidar Bratlund Mæland søndag 20. juli. Dei to kameratane var eldsjelene bak WT Filmfestival, som blei arrangert i ei årrekkje.

Fire dagar seinare var første låt skriven og spelt inn, måndag 28. juli blei musikkvideoen til debutlåten «Anna Soffia» lansert. (Sjå videoen på YouTube).

Musikken er proff nok, med erfarne Vegard Skorpen på både tekst, melodi og instrument - mens Frode og Vidar debuterte som vokalistar, på tullesvensk.

− Vegard Skorpen er på grensa til å vera eit geni. Han er utruleg fleksibel og får oss til og med til å høyrast ganske bra ut, sa Vidar i 2009. Då lanserte Frode Vidars fullt album, og nok ein musikkvideo (Drettan på draget).

Til videoproduksjon stilte Varde Media opp på dugnad. Men den mest sette videoen, som ligger under den noko strategiske tittelen «årets russelåt» (sjå videoen på YouTube), er ein bildekollasj til låta «Komma Carolina», dedisert til danselærarinne Patricia Carolina Langeland.

Julelåtar og allsong

Sett vekk frå eit privat oppdrag i sommar, på utdrikkingslag for ein tidlegare tilsette i Varde Media (Vegard Strønen), og ein spontanopptreden i eit bryllaup i år, kan ikkje Frode hugsa sist Frode Vidars spelte saman.

– Dette blir første spelejobb på mange år, men eg trur det skal gå bra. Vi har heldigvis fått testa oss litt for ikkje så lenge sidan.

Frode Vidars byr ikkje berre på dansebandmusikk, men har både eigne juleviser og er innstilte på å synga julelåtar som dei fleste kan teksten på.

– Vi er naturlegvis spente, men når vertskapen på Vidar si stamkro, der han har sitt eige corner, inviterer, så må vi jo seia ja. Vi takkar dessutan aldri nei til ein liten fest med colanissen!

– Nissefesten startar klokka 17, musikken i 18.30-tida og så er nissen venta å visa seg litt før klokka 19. Men bilen er på plass allereie frå rundt klokka 18.15, fortel Linda.

– Det er utruleg kjekt å ha han her, heile huset gler seg. Både i fjor og i forfjor mista vi straumen mens han var her, vi håper det blir litt meir elektrisk stemning her i år.

• Sjå video frå nissebesøket utan straum: Lite lys, men mykje varme

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.