Frontkollisjon i Liafjellstunnelen
Tre bilar var involverte og E39 var stengt i rundt ein time.

Bildeserie:
I 15.30-tida i ettermiddag kom det melding om trafikkulykke i Liafjellstunnelen på E39 gjennom Os.
– Oppmot seks personar er involvert, blant anna barn, fortalte politiet via Twitter.
Statens vegvesen informerte om stengt veg over Mobergsbrua like ved, og omkøyring via Os sentrum.
– Det skal ha vore front mot front, med tre bilar involvert. Skadeomfang er ukjent, men alle er bevisst og ingen er fastklemte, fortel politiet.
Både brannvesenet og ambulanse var på staden. Vegen er opna igjen. Midtsiden har førebels ikkje lykkast i å nå politiet for yttarlegare informasjon.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.