Lokal | 02. juli 2020

Frontkollisjon på E39

Tre bilar og fem personar er involvert. Trafikken står i begge retningar.

Frontkollisjon på E39
To av dei tre involverte bilane har store materielle skadar. (Lesarbilde: Bård Brattebø)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2020 15:15

Torsdag i 16.40-tida kom det melding om trafikkulykke på E39 Byvegen, mellom Os og Søfteland.

– Vegen er stengt i begge retningar, opplyste Vegtrafikksentralen før politiet supplerte;

– Det er tre bilar som er involvert, to av dei har frontkollidert. Det er til saman fem personar i bilane.

Ein bil skal ha køyrd i bakenden på bilen framfor, som då blei skubba over i motsett felt og kolliderte med møtande bil.

Det er foreløpig uklart om nokon er skadd.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det kø frå UnoX retning Bergen og frå krysset ved Gåssand retning Os.

OPPDATERT: Éin av dei fem i bilane sa han var heilt uskadd, tre personar hadde sår eller lettare skadar, og blei tatt til Haukeland for sjekk. Det er ikkje mistanke om promille, men det er tatt beslag i førarkortet til førar av ein av dei tre bilane, ein mann i 40-åra.

Det danna seg raskt kø i begge retningar, her i Hjellemarka. (Lesarbilde: Tor Espen Skoglund)
Det danna seg raskt kø i begge retningar, her i Hjellemarka. (Lesarbilde: Tor Espen Skoglund)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.