Lokal | 15. jan. 2020

Frontkollisjon på Søfteland

Seks personar til sjukehus - lange køar mellom Os og Bergen.

Frontkollisjon på Søfteland
Kollisjonen har skjedd nær avkøyrsla til Gåssand. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. jan. 2020 14:10

Bildeserie:

(Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
1 av 1
(Lesarbilde: tips@midtsiden.no)

To bilar har kollidert på E39 på Søfteland. Ulykka skal ha skjedd ved Stilvoll og krysset inn mot Sælen og Gåssand.

– Det skal vera ein frontkollisjon, opplyser Vest politidistrikt.

Politiet har så langt ikkje fått melding om personskade.

– Seks personar var involvert i ulykka. Ingen avdei er fastklemte, skriv politiet på Twitter i ei oppdatering frå staden.

OPPDATERT kl 15.24: Trafikken går no greit forbi ulykkesstaden, men det har danna seg ein del kø i begge retningar, så trafikken går seint.

Ein tipsar fortel klokka 15.55 at trafikken ikkje går greit i retning Bergen, der dei har stått i ro i 40 minutt.

– Trafikken slepp i periodar forbi retning Os, andre vegen står det derimot bom stille.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det no kø frå avkøyrsla til Bontveit retning Os. Retning Bergen er det kø forbi Hjellemarka.

Midtsiden-redaksjonen får samtidig melding om kø både på Fanafjellet og forbi Lysekloster-ruinane.

• Har du informasjon eller bilde frå staden? Send til tips@midtsiden.no

Politiet fortel at seks personar er køyrd til sjukehus, skadeomfang er ukjent. Det er tatt beslag i førarkortet til éin av bilførarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.