Politi | 11. juli 2023

Frotveit: Mann sakna etter «spirituell» festival

Stor leiteaksjon på og rundt Frotveit.

Frotveit: Mann sakna etter «spirituell» festival
Røde Kors er blant dei som deltar i søket. (Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. juli 2023 08:20

Politiet har i natt sett i gang ein stor leiteaksjon etter ein mann som er meldt sakna.

Sakna er ein 27 år gamal tysk statsborgar som har budd i Norge ein del år, den siste tida i Vestfold.

Pårørande er varsla.

Han er 192 cm høg, har slank kroppsbygning og snakkar gebrokkent norsk. Det er uvisst kva klede han har på seg.

– Det er noko uklart kva som var siste observasjon, men natt til søndag har vore nemnt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Røde Kors, politiets hundepatrulje, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret og Norske redningshunder bidrar i søket. Også drone er i bruk.

OPPDATERT kl 14.21: Politiet har mottatt opplysningar om at den 27 år gamle mannen som det har vore søkt etter skal ha reist ut frå Bergen søndag 9. juli. Han skal ha brukt offentleg kommunikasjon. Søket er avslutta og pårørande er varsla.

Deltok på alternativ festival

– Vi har ikkje grunn til å tru at sakna har vore utsett for ei kriminell handling. Sakna deltok på ein festival av noko alternativ eller spirituell art, og vi har grunn til å tru at det har vore brukt ulike rusmidlar på festivalen.

Politiet fekk klage på høg musikk og nakne folk som vandra rundt i området både søndag formiddag og søndag kveld.

– Sakna kan ha vore rusa og gått seg vill. Det er mange stiar i området.

Då patruljen kom til staden var vegen sperra med private bilar. Ved sperringa sto ein mann i vikingkostyme og sa at det var ein privat fest. Politiet observerte fleire telt og ein musikkscene.

Dei fann også ut at festivalen var annonsert på omgevents.no og marknadsført som «The Western Edge (Westland)».

Det blei gitt pålegg om å fjerna sperringane og at musikken måtte dempast.

Telefon og lommebok ligg igjen

Politiet blei gjort merksame på den sakna mannen då ei kvinne tok kontakt klokka 23.24 måndag kveld.

Ho er frå Sveits og reiste til festivalen saman med den sakna mannen. Ho hadde perfier kjennskap til han frå før.

– Dei hadde ikkje hatt særleg kontakt med vedkomande under festivalen, men reagerte då ho måndag kveld oppdaga at teltet hans var tomt, men at fleire av eigedelane hans låg igjen.

Blant desse er lommeboka og telefonen hans.

OPPDATERT kl 14.21: Politiet har mottatt opplysningar om at den 27 år gamle mannen som det har vore søkt etter skal ha reist ut frå Bergen søndag 9. juli. Han skal ha brukt offentleg kommunikasjon. Søket er avslutta og pårørande er varsla.

Leitemannskap biten av hoggorm

Politiet reiste til staden. Der delte også arrangøren si bekymring for vedkomande.

– Vår hovudteori nett no er at sakna har vore rusa og hamna i ein tilstand der han har gått seg vill eller blitt skadd ute i terrenget, seier Hellesund.

Leiteaksjonen er i gang. Ein av dei frivillige leitemannskapane blei biten av hoggorm i løpet av starten på søket, og er sendt til lege.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.