Frøya og Jan Kristian frå Os er blant dei nomierte til prisen «Norges hyggeligste håndverker». (Foto: Privat/Isac Herland)

Frøya og Jan Kristian: Mest hyggeleg i Noreg?

Etter Tore Kleppe sin suksess i fjor er to andre frå Os nominert til årets pris. Ein av dei ligg svært godt an.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor var malar i Os kommune, Tore Kleppe, ein av 22 finalistar blant 1.162 nominerte til prisen «Norges hyggeligste håndverker». Prisen blei delt ut på Boligmessen i Telenor Arena i Oslo i september.

No er ein ny runde med nominasjonar i gang, og i år er Frøya Skogerbø Kjellevold og Jan Kristian Rokne frå Os blant dei nominerte.

«Norges Hyggeligste Håndverker er en konkurranse som viser frem de dyktige og hyggelige fagfolkene som bygger og fikser hjemmene våre, og gir dem den positive oppmerksomheten de fortjener!» skriv hyggeligste.no om konkurransen.

«Søteste rørleggeren i by'n» ligg på 8. plass

Frøya Skogerbø Kjellevold (23) byrja som lærling då ho var 17 år og jobbar no som faglært hos Clausen VVS, eit mindre rørleggarfirma i Os. 

Ho er nominert av ei anna rørleggarjente, som òg er nominert, Camilla Toft frå Bergen. «Søteste og flotteste rørleggerjenten i byen» skriv Toft.

– Det var morsamt å bli nominert, men eg skjønte ikkje kor stort dette var før Tore Kleppe delte profilen min og oppmoda folk å stemma, fortel Frøya.

– Eg trivst veldig godt i jobben min, seier den hyggelege rørleggaren.

I skrivande stund har ho 1301 stemmer og ligg på 8. plass av over tusen nominerte.

• Her kan du sjå profilen og stemma. Avstemminga held fram gjennom sommaren.

Vinnaren får tre år gratis leasing av ein Renault varebil, men det er òg fleire andre premiar i potten.

Dimmer kjøkkenet ditt midt i fredagstacoen

Jan Kristian Rokne starta eige firma hausten 2017, og endra til AS i mars i år. Rokne Elektro har framleis berre éin tilsett, men han har rikeleg å gjera på.

– Det blir lange dagar ute i felten, og nokre nattestimar når papirarbeidet skal gjerast, seier den flittige elektrikeren.

– At eg jobbar seint og tidleg har kanskje vore med på å få meg nominert. Han som nominerte meg var ein ny kunde, ein som fekk fiksa ein dimmer på kjøkkenet ein fredagskveld mens han og familien var midt i tacoen.

«Fantastisk hyggelig og god fagmann som stilte på avtalt tid og gjennomførte alt til avtalt pris» skriv Vidar Mjånes i nominasjonen.

Rokne har til no fått 201 stemmer og ligg på 42. plass.

• Her kan du sjå profilen og stemma. Avstemminga held fram gjennom sommaren.

Fleire saker