Lokal | 20. jan. 2020

Frp går ut av regjering - Søviknes mister jobben

Siv Jensen stadfestar at Frp går ut av regjering. Partiet har sju statsrådar, inkludert Terje Søviknes.

Frp går ut av regjering - Søviknes mister jobben
Ein månad etter at han forsvann frå Os, kjem Søviknes no tilbake til Bjørnafjorden kommunestyre. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. jan. 2020 12:57

Onsdag 18. desember blei Terje Søviknes (Frp) presentert som ny statsråd, i dag blei det klart at jobben som eldre- og folkehelseminister blei kortvarig.

Etter møte med statsminister Erna Solberg i formiddag, har partileiar Siv Jensen kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte. Så møtte ho pressen på partikontoret.

Der skildra ho ei tid med mykje gjennomslag for Frp-politikk dei første fire åra, men ei meir grå tid utan noko bestemt retning etter at Venstre og KrF kom inn i regjering.

– Saka med ei terrorimistenkt IS-kvinne, der dei tre andre partia ga etter for å henta mor og barn heim, var dropen som fekk begeret til å renna over. Vi kunne ha henta heim barnet, men vi vil ikkje inngå kompromiss med folk som har tatt del i terrororganisasjonar, seier Siv Jensen til VG.

Leiinga i partiet har konkludert med at det ikkje er grunnlag for at partiet held fram i regjering, men at dei ikkje har ønskje om å skifta statsminister.

Sju statsrådar går av

Frp har sju statsrådar.

Finansminister Siv Jensen, olje- og energiminister Sylvi Listhaug, samferdselsminister Jon Georg Dale, eldre- og folkehelseminister Terje Søviknes, fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik, famfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde og justis- og beredskapsminister Jøran Kallmyr.

Tre av desse (Jensen, Listhaug og Dale) er frå før valt inn på Stortinget, og erstattar sine vara der.

Dei fire andre, inkludert Søviknes, går tilbake til andre verv.

Søviknes er medlem av kommunestyret i Bjørnafjorden og fylkestinget i Vestland i tilegg til å vera nestleiar i Frp sentralt.

Les òg: Dette skjer om Frp går ut av regjering (BT)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.