Meining | 31. mai 2023

FrP positiv til privat barnehagedrift på Holdhus og Strøno

DEBATT: Grunn til å tru at eit politisk fleirtal vil stilla seg bak.

FrP positiv til privat barnehagedrift på Holdhus og Strøno
Terje Søviknes, her på folkemøte i Strøno onsdag for ei veke sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2023 08:22

Bjørnafjorden formannskap skal torsdag handsama to saker knytt til eventuell vidare barnehagedrift på Holdhus og i Strøno.

Innstillinga frå administrasjonen er negativ i begge saker.

Les ògAdministrasjonen sin konklusjon om barnehagen i Strøno

Fremskrittspartiet er for eit mangfald i barnehagesektoren med både kommunale, kommersielle private og ideelle foreldrestyrte barnehagar. Dette gjev foreldra valfridom, og våre yngste kvalitet i barnehagetilbodet.

Difor var også FrP ein pådrivar for det sokalla barnehageforliket i 2003, der ein sikra full barnehagedekning gjennom likebehandling av kommunale og private barnehagar.

Korkje på Holdhus eller i Strøno er det no aktuelt med kommunal barnehagedrift.

For Holdhus har kommunestyret tidlegare vedteke nedlegging av den kommunale barnhagen frå hausten 2024, og i Strøno har no FUS Skorvane dessverre vedtatt nedlegging frå same tidspunkt.

At kommunen ikkje er aktuell som barnehagedrivar er knytt til økonomi, og spesielt til at kostnadane ved kommunal barnehagedrift gjev grunnlag for det tilskotet kommunen skal yta til private barnehagar i kommunen.

Bjørnafjorden kommune er difor avhengig av kostnadseffektiv drift i sine eigen barnehagar, det vil seia relativt store barnehagar som vi har i Os barnehage, Lysekloster barnehage og nye Jettegryto barnehage.

Bjørnafjorden FrP er imidlertid positiv til at private kan få drifta barnhagane både på Holdhus og i Strøno, dersom dei finn økonomisk grunnlag for det.

Vi vil på torsdag difor foreslå at kommunen gir førehandstilsegn om tilskot til privat barnehage på Holdhus, og at ein er positiv til eit tilsvarande foreldreinitiativ for privat barnehage i Strøno.

Basert på tidlegare diskusjonar i formannskap og kommunestyre er det all grunn til å tru at eit politisk fleirtal vil stilla seg bak ein slik konklusjon.

Terje Søviknes
Gruppeleiar, Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.