Lokal | 29. nov. 2019

Frp sitt framlegg til budsjett

Kommunal kontantstøtte, nedbemanning, sal av politistasjon og framleis liv på Øyro.

Frp sitt framlegg til budsjett
Terje Søviknes la i dag fram alternativt budsjettforslag frå Frp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. nov. 2019 12:57

Bildeserie:

1 av 1

I dag er første møte i Bjørnafjorden formannskap, om vi ser vekk frå budsjettkonferansen i starten på november.

Formannskapet har desse medlemmane:
Bjarte Samnøy (KrF)
Espen Aspenes (FrP)
Harald Franz Lekven (uavhengig)
Laila Marie Reiertsen (FrP)
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H)
Mikal Leigland (Sp)
Terje Søviknes (Frp)
Tina Bøe Buer (MDG)
Trine Lindborg (Ap)

På sakskartet står blant anna KLEM-planen (klima og miljø), beredskap, busetting av flyktningar, politivedtekter - og budsjett.

• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.

Høgre, Frp, samarbeidskoalisjonen (Ap, Sp, MDG og KrF) la fram sine budsjettforslag. SV, som er forplikta til å stemma for koalisjonen sitt forslag om/når deira eige fell, kjem med sitt forslag innan 3. desember, slik at det kan ligga 14 dagar til offentleg ettersyn før endeleg behandling i Bjørnafjorden kommunestyre tysdag 17. desember.

Felles for alle er at dei, der det ikkje er nemnt noko anna, støttar rådmannen sitt framleg til budsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023. Vi kjem tilbake med spørsmål og svar til framlegget, og dei andre politiske einingane sine framlegg, i eiga sak.

Under følgjer Bjørnafjorden Frp sitt framlegg:

Budsjett 2020 • Økonomiplan 2020-23

1. Premissar

Fremskrittspartiet legg med dette fram alternativt Budsjett 2020 / Økonomiplan 2020-23 for Bjørnafjorden kommune. Budsjettframlegget tek utgangspunkt i kommunedirektøren sitt samla budsjettdokument lagt fram 29.10.19 via portalen Framsikt.

Der FrP har endringsframlegg eller føringar i høve kommunedirektørens budsjettdokument er dette kommentert nærare under.

2. Overordna perspektiv – Bjørnafjorden 22

Bjørnafjorden kommune står overfor store økonomiske utfordringar etter samanslåinga av Os og Fusa.

Dette skuldast i stor grad tre tilhøve;

• Den nye kommunen kjem noko dårlegare ut av inntektssystemet enn dei to gamle kommunane gjorde kvar for seg (ca 30 mill kr)

• Bjørnafjorden kommune skal ikkje ha eigedomsskatt, og dette gjev eit inntektsbortfall på ca 15 mill kr pr år i Fusa sin gjeldane Økonomiplan 2019-22

• Fusa har i Økonomiplanen 2019-22 underdekning, samt at ein har budsjettert med usikre inntekter frå Havbruksfondet.

Kommunedirektøren varslar i sitt budsjettframlegg at denne utfordringa skal løysast gjennom omstillingsprosjektet “Bjørnafjorden 22”. Målsettinga er at ein over dei neste to åra skal tilpassa organisasjonen til den nye økonomiske situasjonen for Bjørnafjorden, og at ein i 2022 skal legga fram eit budsjett med +1,75% i netto driftsresultat i tråd med statlege forventningar.

Etter FrPs vurdering krev dette i praksis at kommunen dei neste åra må betra den grunnleggande driftsbalansen med +/- 90 mill kr.

I eit slikt scenario har vi ikkje lagt inn effekten av avkastning på finansporteføljen, eventuelle framtidige inntekter frå Havbruksfondet eller forventa overskot i SIO-prosjektet. I normalår vil desse elementa gje eit positivt bidrag i driftsrekneskapen til Bjørnafjorden kommune, og dermed auka netto driftsresultat ytterlegare.

Å betra driftsbalansen med +/- 90 mill kr er ei krevjande oppgåve, som krev evne og vilje til tydeleg politisk prioritering. FrP er trygg på at ei slik omstilling er mogeleg om ein allereie no set tydelege mål og rammer for Bjørnafjorden 22.

FrP legg til grunn at alle verkemiddel må vurderast for i sikra Bjørnafjorden kommune ein sunn driftsøkonomi i framtida, men vil særleg peika på følgjande område;

• Endra arbeidsmetodikk, effektivisering, digitalisering

• Lovfesta oppgåver vs ikkje lovpålagte oppgåver

• Tenestestruktur og harmonisering av tenester

• Konkurranse i tenesteproduksjonen

• Effektiv innkjøpsstrategi og kostnadskontroll i investeringsprosjekta

• Sal av eigedom og eigedelar kommunen ikkje nyttar i tenesteproduksjonen

• Gjennomgang av alle tilskotsordningar

• Bruk av KOSTRA-tal for å avstemma tenestenivået i Bjørnafjorden mot relevante nabokommuner/landsgjennomsnittet (årlege rapportar som syner utvikling over tid)

Som tenesteprodusent er kommunen også ei arbeidsintensiv verksemd. Å betra driftsbalansen med +/- 90 mill kr vil difor ikkje kunne skje utan reduksjon i samla årsverk i organisasjonen. Ved samanslåing av to store organisasjonar ligg det alltid eit potensiale for å ta ut stordriftsfordelar, fjerna dobbeltarbeid, vidareføra beste praksis, implementera ny arbeidsmetodikk og nye IT-system. Dette potensialet må realiserast om ein skal lukkast i å styrkja kommuneøkonomien i valperioden.

FrP legg derfor til grunn at det bør etablerast eit solid 3-partssamarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde for å handtera ein naudsynt nedbemanningsprosess. Erfaring frå m.a. liknande prosess i Os kommune i 2001/02 syner at ønska effekt i stor grad kan realiserast gjennom naturleg avgang, intern omplassering, vurdere alle vakante stillingar før tilsetting, stillingsbank, seniortiltak osv.

FrP vil difor oppmoda kommunedirektøren, i samarbeid med politisk nivå og tillitsvalde, til å etablera tydelege køyrereglar, mål og rapporteringsrutinar for ein slik prosess. Prosessen bør leiast av kommunedirektøren, og ein må sjå organisasjonen på tvers av sektorane. Dei kommunale føretaka Oseana KF og Os Idrettspark KF må også væra ein del av omstillingsprosjektet. Rapportering må skje skriftleg og detaljert til formannskapet, eller til eit eige omstillingsutval.

Eit overordna målekriterie på kor effektiv den samla kommunale organisasjonen er, vil vera tal innbyggjarar/kommunalt årsverk. Dvs. kor mange innbyggjarar vi klarar å betena pr kommunalt årsverk. FrP rår difor til at dette vert ein del av det overordna målekortet for Bjørnafjorden kommune.

FrP vil vidare leggja følgjande prinsipp til grunn i arbeidet med å betra økonomien;

• I størst mogeleg grad skjerma tenestetilbodet til den einskilde innbyggjar – ta kutt i administrasjon framfor den ytre tenesteproduksjonen

• Prioritere primæroppgåvene barnehage, skule, helse og omsorg framfor andre oppgåver

FrP har i sitt alternative budsjett lagt til grunn at driftsbalansen må betrast med 30 mill pr år i 2020-2022, dvs. at Bjørnafjorden 22 bør gje ein effekt på 30 mill i 2020, 60 mill i 2021 og 30 mill i 2022. Fordelinga mellom einskild år vil sjølvsagt kunna variera basert på når dei enkelte tiltak vert fasa inn, men for at prosjektet skal lukkast er vi overtydd om at det må setjast tydelege kvantitative mål for t.d. økonomisk effekt og tall årsverk redusert for kvart budsjettår.

3. Driftsbudsjett

3.1 Driftsinntekter

I kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett er det lagt inn 20,6 mill kr i inntekt frå Havbruksfondet i 2020. Dette er ei særs usikker inntekt, basert på utbetalingsnivået frå fondet i 2018. Statlege mynde har vore tydeleg på at ein ikkje kan leggja til grunn eit jamt inntektsnivå frå Havbruksfondet, då utbetalingane vil væra avhengig av tal utlyste nye konsesjonar/auka produksjonskapasitet (trafikklys-systemet) og marknaden ved auksjon av ny kapasitet. FrP finn det difor ikkje rett å budsjettera med 20,6 mill kr frå Havbruksfondet i 2020.

Elles har ikkje FrP endra budsjettføresetnadane til kommunedirektøren (skatteanslag, rammetilskot, rentenivå osv.). FrP legg vidare til grunn av Bjørnafjorden kommune vil få ei ekstra skjønstilskot i 2020 frå potten som fylkesmannen har halde attende til fordeling mellom dei samanslåtte kommunane i Vestland fylke. FrP har førebels ikkje lagt inn noko konkret beløp, men legg til grunn at tilskotet kan gå redusera bruk av fond i 2020 og -21.

3.2 Driftsutgifter

Med den økonomiske utfordringa som Bjørnafjorden kommune står overfor, er dette ikkje tida for å lansera nye store tiltak med driftskonsekvens. FrP gjer dermed berre mindre justeringar i kommunedirektørens framlegg til sektorbudsjett. Endringane kjem fram i tabellen under, og nokre tiltak er nærare kommentert i teksten. I teksten under legg vi og inn politiske føringar i høve drifta for 2020.

Tilskot Bjørnafjorden Næringsråd 300.000
Tilskot Visit Bjørnafjorden 200.000
Prosjekt Liv i Fjorden 100.000
Logopedstilling 700.000
Sosialhjelp - barnetrygd utanom inntektsgrunnlag 600.000
Sum, auke i driftskostnad 1.900.000

Næringsutvikling

Os og Fusa kommunar har dei siste åra styrka arbeidet med næringsutvikling, og FrP ynskjer inntil vidare å oppretthalda den økonomiske støtta til Bjørnafjorden Næringsråd og Visit Bjørnafjorden. Det er viktig at vi no ikkje underminerer den gode trenden vi har sett i nyetableringar, arbeidsplassar og verdiskapning i regionen. Vi legg inn høvesvis kr 300 000 og kr 200 000 til tiltaka.

Prosjekt Liv i Fjorden

Etter modell av Liv på Øyro bør det etablerast eit tilsvarande prosjekt Liv i Fjorden. For FrP er det viktig at både kommunesenteret Osøyro og kommunedelsenteret Eikelandsosen vert utvikla fortløpande.

I investeringsbudsjettet ligg det allereie inne ei rekkje tiltak i Eikelandsosen som vil byggja opp om kommunedelsenteret;

• Miljøgate Eikelandsosen
• Utvikling Tollaneset
• Jettegryto barnehage
• Samfunnshuset i Eikelandsosen
• Ny brannstasjon

Desse prosjekta, saman med andre større og mindre utviklingstiltak i tråd med områdeplanen for Eikelandsosen, bør setjast inn i ein større kontekst for å styrkja attraktiviteten til senteret.

Her ligg det naturleg til rette for offentleg-privat-samarbeid med både næringslivet og frivillig sektor.

FrP set i liket med Liv på Øyro av kr 100 000 i driftsmidlar til prosjekt Liv i Fjorden.

Logopedstilling

FrP legg inn midlar til eit årsverk som logoped, ref. meldt behov frå administrasjonen.

Fritt brukarval

I det vidare arbeidet med organisering av tenestetilbodet i Bjørnafjorden kommune legg FrP til grunn at vi skal ha fritt brukarval i relevante tenester som barnehage, skule og omsorg.

Tilstandsrapport barnevernet

I tråd med føringar i ny barnevernslov skal det i Bjørnafjorden kommune utarbeidast årleg tilstandsrapport for barnevernet, ref. tilsvarande tilstandsrapport for barnehagar og skular.

Dette vil styrkje barneverneigarrolla til Tenesteutvalet og Kommunestyret.

Mikrohus

FrP ber om framdrift i etableringa av mikrohus, ref. tidlegare politisk sak i Os kommune. Om naudsynt bør ein vurdera enklare konsept, - t.d. ombygging av eksisterande bygningsmasse eller flytting og ombygging av deler av brakkerigen som i dag står på Søfteland.

Sosialhjelp

Utgiftene til sosialhjelp har diverre vore aukane dei siste åra. Dette bør ha eit særskilt fokus i åra som kjem. NAV-kontoret har no fått felles leiing, og FrP ønskjer målretta tiltak og tett oppfølging av den enkelte sosialhjelpsmottakar. Sosialhjelp er ei kortsiktig yting, og fokus på aktivitetsplikt, kvalifisering og arbeid må styrkast. Om naudsynt bør det etablerast eit eige prosjekt Reduserte sosialhjelpsutbetalingar, med rapportering til Tenesteutvalet/Formannskapet.

I tråd med tilrådinga frå regjeringa legg FrP inn kr 600 000 på sosialhjelpsbudsjettet slik at barnetrygd vert trekt ut av inntektsgrunnlaget ved berekning av sosialhjelp til barnefamiliar.

Kjøkken Luranetunet

FrP legg til grunn at administrasjonen i 1.kvartal 2020 greier ut framtidig kjøkken/matkonsept for Luranetunet, ref. tidlegare vedtak. Her må ein sjå på totalkonseptet for matleveransane i

Bjørnafjorden, samt potensialet for publikumsretta kafe-/restauranttilbod på Lurane. Det er viktig at Bjørnafjorden kommune kjem i posisjon til å søkja på øyremerka statlege investeringar til kjøkken i omsorgsinstitusjonar.

Ferdigbehandla pasientar

Bjørnafjorden kommune skal som prinsipp ikkje ha ferdigbehandla pasientar på sjukehus. I situasjonar der kommunen ikkje har kapasitet i sine eigne bu- og behandlingssenter må kapasitet kjøpast i nabokommunar.

Nye tilbod i regi Os ASVO / Fusa ASVO

FrP vil oppmoda om at våre ASVO-verksemder ser på nye tilbod som kan tena både tilsette og publikum. T.d. har vi i dag ei velfungerande gjenbruksverksemd i NMS Os Gjenbruk, men ein saknar eit tilbod for gjenbruk/utlån av klede, sportsutstyr og liknande. Dette har tidlegare vore fremja som eit tiltak, men er hittil ikkje blitt realisert. Eit anna forretningsområde er lokalt renseri. Vi vonar kommunedirektøren kan ta desse framlegga opp i eigarmøter med ASVO.

Inn på tunet

FrP er opptatt av at Bjørnafjorden kommune skal samarbeida med sosiale entreprenørar, og vil igjen oppmoda om at både oppvekstsektoren og helse- og omsorgssektoren nyttar seg av Inn på tunet-konseptet.

Dagsentertilbod til eldre Bjørnafjorden kommune bør kontinuerlig tilpassa dagsentertilbodet til eldre etter behov. Dette er ikkje ei teneste der vi skal ha ventelister. T.d. bør ledig kapasitet i Gamleheimshagen kunna nyttast (2.etasje, fredagar). Utvida tiltak vert evt. finansiert via SIO-prosjektet.

Leige til eige

Bjørnafjorden kommune bør i samarbeid med Husbanken og private bustadutviklarar ta mål av seg til å få etablert eit Leige til eige-prosjekt i økonomiplanperioden.

Nytt vigslingsrom

Vigslingsrommet i 4.etasje på rådhuset er ikkje optimalt, og FrP ber administrasjonen vurdere alternativ lokalisering i t.d. Borgstovo/Gamle kommunehuset. Alternativt at ein finn nye eigna log meir representative lokale i samband med ombygginga av rådhuset.

Planstrategi Bjørnafjorden kommune

I samband med utarbeiding av Planstrategi for Bjørnafjorden kommune ynskjer FrP at ein nyttar Telemarksforskning og Knut Vareide sin metodikk for utvikling av attraktive lokalsamfunn, ref. foredrag i Kyrkjetunet som del av samanslåingsprosessen for Os og Fusa.

Fond til forskotering av rehabilitering av ungdomshus

I Os kommune har ein har stor suksess med eit eige kommunalt fond til forskotering av tippemidlar til nærmiljøanlegg og mindre idrettsanlegg. Idrettslag, velforeningar m.fl. har dermed kunna realisera nærmiljøanlegg utan lånefinansiering i perioden fram til utbetaling av tippemidlar.

Vestland fylkeskommune har også ei ordning med tilskot til rehabilitering/utbetring av lokale ungdoms- og grendahus. Også i denne ordninga er det ventetid i høve tilskot frå fylkeskommunen. FrP ber difor administrasjonen greie ut om Bjørnafjorden kommune bør etablera eit fond til forskotering av tilskotsmidlar til ungdoms- og grendahus.

4 Investeringsbudsjett

FrP syner til kommunedirektøren sitt framlegg til investeringsbudsjett, og sluttar seg i hovudsak til prioriteringa av dei ulike investeringsprosjekta.

Vi fremjar i tillegg følgjande endringar / merknader;

a). Liv på Øyro vert ført opp med 5 mill kr kvart år i økonomiplanperioden. Det er viktig at prosjekt som ferdigstilling av Elveplassen, gangveg langs Oselvo og gangbru over Oselvo ikkje stoppar opp. I Liv på Øyro-prosjektet har Os kommune forplikta seg i eit samarbeid med grunneigarane på Osøyro, og denne forpliktinga til kontinuerlig å arbeida for auka attraktivitet i kommunesenteret bør ikkje stoppa opp.

b). Utvikling Tollaneset – før dette prosjektet vert realisert må kommunestyret få seg førelagt sak om utbyggingsavtale som avklårar partane sine forpliktinga i prosjektet.

c). Samnøy Næringsområde – før dette prosjektet blir realisert må kommunestyret få seg førelagt ein samla strategi for realisering av næringsområdet (grunneigartilhøve, oppdaterte kostnadsanslag, realiseringsmodellar osv.)

d.) Kommunedirektøren bør undersøkja potensialet for erverv av areal rundt Fusa bu- og behandlingsenter med sikte på framtidig utbygging. Vi syner også til verbalforslag 7.3 Kostnadskontroll i investeringsprosjekt og 7.6. Skyva på VA-investeringar.

5. Betalingssatsar, avgifter, gebyr

FrP sluttar seg til kommunedirektøren framlegg med følgjande endringar;

a). Tak på gebyr for dispensasjonar i byggesaker

I Byggesak pkt. 2.2 om gebyr for dispensasjonar etter PBL kap 19 er det lista opp gebyr på kr.19 400,- pr dispensasjon.

I enkelte byggesaker kan eit og same tiltak ha behov for fleire dispensasjoner (t.d. frå bygging i 100-metersbeltet, nær nabogrense osv.). I sum kan gebyret i ei og same byggesak då blir svært høgt. I andre kommunar har ein satt eit makstak for gebyr knytt til fleire dispensasjonar i ei og same byggesak.

FrP forslår derfor følgjande tillegg i Byggesak pkt 2.2 Dispensasjonar etter PBL kap. 19; «Ved fleire dispensasjonar i same byggesak vert gebyret maksimalt 2 gangar satsen i pkt. 2.2.1-2.2.4.»

b). Redusert tilkoplingsgebyr for vatn og avløp, næringseigedom inkl. landbrukseigedom

Med det nye gebyrregimet kan tilkoplingsgebyret for vatn og avløp bli særs høgt for større næringsbygg. FrP foreslår derfor følgjande to endringar under Gebyr vatn og avlaup, ref. innspel frå administrasjonen etter budsjettkonferansen; «Vatn, tilknyting næringsbygg, inkl. landbruk, vert redusert frå kr 143,- pr. m2 bruksareal til kr 50,- pr. m2 bruksareal

Avlaup, tilknyting næringsbygg, inkl. landbruk, vert redusert frå kr 264,- pr. m2 bruksareal til kr 88,- pr. m2 bruksareal»

«I særskilte høve der tilkoplingsgebyra vert urimeleg høge for store næringsbygg får kommunedirektøren fullmakt til fastsetja eit rimelig tilknytingsgebyr.»

6 Økonomiplan 2020-23 – samla oversikt

FrP syner til generell omtale av utfordringane i driftsbudsjettet ovanfor, og vil følgja opp arbeidet med økonomiplanperioden slik skissert gjennom Prosjekt Bjørnafjorden 22.

Vi finn det imidlertid ikkje rett å vedta ein økonomiplan som ikkje er saldert i perioden 2021-23, og har difor lagt inn nettoeffekt av Bjørnafjorden 22 med 30 mill kr pr år i perioden 2020-22, summert til 90 mill kr frå 2022 og utover. Bruk av fond i 2020 er med dette redusert til kr 5 420 000 i 2020, medan vi i 2021 nyttar kr 2 414 000 frå fond.

Økonomiplanperioden er da saldert til null i 2020 og -21, og med eit mindreforbruk (overskot) på vel 20 mill kr i 2022 og -23.

Tabellen under syner dei samla endringane i FrPs driftsbudsjett 2020-23 (tatt ut Havbruksfondet, justerte nettoutgifter til sektorane, effekt av Bjørnafjorden 22, redusert fondbruk i 2020).

Sjå tabellen under hovudbildet.

7 Verbalforslag

Nedanfor følgjer verbalforslag som FrP ynskjer separat votering over under handsaminga av Budsjett 2020 / Økonomiplan 2020-23 i kommunestyret.

7.1 Sjukeheimsplassar – Askvikhagen Omsorgsenter

I budsjettvedtaket for Os kommune 2019 fekk rådmannen i oppdrag å greia ut det framtidige behovet for omsorgsplassar. Dette må følgjast opp i 2020 for heile Bjørnafjorden slik at ein ikkje kjem i ein situasjon med akutt mangel å omsorgsplassar utover på 2020-talet. Dette er ein situasjon vi må gjere alt vi kan for ikkje å setje innbyggjarar og kommunen i.

FrP har lansert Askvikhagen Omsorgssenter som ein mogelegheit, - med tilpassa demenslandsby på Askvikneset. Det eir eit alternativ, men også andre alternativ må utgreiast nå behovet er fastlagt. P.t. er det gunstige statlege finansieringsordningar for bygging av nye omsorgsplassar, og om naudsynt kan evt. overskot frå SIO-prosjektet også nyttast til utbygging.

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greia ut behovet for nye omsorgsplassar innan eldreomsorga, og vurdera utbyggingsalternativ. Utgreiinga skal liggja som eit grunnlag til budsjettprosessen hausten 2020, og arbeidet kan med fordel organiserast med eit politisk oppnemnd adhocutval.

7.2 Seksjonering politistasjonen/adm.bygg Ohara

Kommunen skal no byggja kombinert politistasjon og administrasjonsbygg for Ohara. Når bygget er ferdigstilt bør dette seksjonerast. Det vil gje tydelig deling av kostnadane knytt til gebyrområdet (Ohara) og Politistasjonen, og gje høve til sal av politistasjonen som ikkje er ein del av kommunen si kjerneverksemd. Alternativt kan ein for å frigjera kapital vurdera sal av heile bygget. Eit bygg av denne typen, med langsiktige offentlege leigetakarar, er attraktivt for regionale og nasjonale næringsinvestorar.

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greia ut seksjonering og evt. sal av heile eller deler av nybygget til politiet og Ohara på Moberg.

7.3 Kostnadskontroll i investeringsprosjekt

Bjørnafjorden kommune har eit omfattande investeringsprogram for perioden 2020-23. Erfaring syner at enkelte prosjekt får stor kostnadsauke frå ide- til realiseringsfase (OHARA, Borgafjellet skule). Med tronge budsjett er dette ei stor utfordring for kommunen.

Det er difor naudsynt å etablera gode system/rutinar for oppfølging av dei største investerings prosjekta. Dette handlar t.d. om tett oppfølging, kvalitetssikring og stopp punkt gjennom alle fasane eit prosjekt går gjennom (tomteval, forprosjektering, dimensjonering/romprogram, prosjektering, anbodsprosess, byggefase). Eit sentralt spørsmål er korleis og når skal politisk nivå involverast i denne prosessen.

Det bør difor etablerast ein felles mal for korleis dei største investeringsprosjekta skal handsamast. Eit framlegg kan væra å etablera eit fast prosjektstyre med politikarar og byggteknisk kompetanse, som prosjektavdelinga kan rapportera til undervegs i prosjektutviklinga. Eit slikt prosjektstyre vil kunna gå djupare inn i prosjekta enn t.d. formannskapet kan, etter kvart vil styret opparbeida verdfull erfaring og kompetanse.

Vi ber derfor om at kommunedirektøren fremjar ei sak med framlegg til korleis vi kan sikre best mogleg kostnadskontroll i større investeringsprosjekt.

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren fremjar ei sak med framlegg til korleis vi kan sikre best mogleg kostnadskontroll i større investeringsprosjekt.

7.4 E-sport strategi for Bjørnafjorden kommune

E-sport er verdas raskast voksande sport, og Bjørnafjorden kommune har potensiale til å ta ein regional posisjon innan gaming. E-sport er allereie fag på Os Gymnas, og fleire frivillige Esport klubbar er etablerte andre stader i landet. I Fjorden Arena har ein lagt til rette med fiberinfrastruktur, og Os Aktiv, Nore Neset Aktivitetshus og Os Idrettspark Kuventræ kan være eigna lokalitetar på Os-sida av fjorden. Kommunen bør derfor utarbeida ein strategi for dataspel og E-sport i kommunen, og vurdera korleis kommunen, næringslivet og frivillig sektor kan samarbeida om å utvikla tilbodet. Ungdomsrådet i Bjørnafjorden bør ha ein sentral rolle i utarbeidinga av strategien.

I strategien bør det særleg leggjast vekt på;

• Har E-sport ein naturleg plass i skulane våre, og korleis kan vi evt. samarbeide med Os Gymnas
• Korleis kan kommunen leggja fysisk til rette for E-sport (lokaler, utstyr osv.)
• Korleis kan kommunen samarbeida med frivillig sektor, t.d. idrettslaga, om eit organisert tilbod E-sport til ungdommen
• Kva med næringslivet og potensialet for sponsing av t.d. utstyr/maskinparkar

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utarbeida ein E-sport strategi for Bjørnafjorden kommune.

7.5 Pensjon på anbod

I den økonomiske situasjonen Bjørnafjorden kommune er i må ein vurdera alle kostnadsreduserande tiltak. I det siste er det igjen etablert fleire aktørar i marknaden for tenestepensjon, og Os kommune har tidlegare hatt positive økonomiske resultat av å konkurranseutsetja tenestepensjonsordninga.

Ei evt. konkurranseutsetjing vil ikkje påverka pensjonsvilkåra for den einskilde arbeidstakar, men kommunen kan få lågare pensjonskostnader og forventa eigenkapitalinnskot i KLP fell bort.

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utgreia potensialet ved konkurranseutsetting av tenestepensjonen i Bjørnafjorden kommune.

7.6 Skyva på VA-investeringar

Vedtekne kommunedelplaner for høvesvis vatn og avløp i Os kommune 2016-2027 har ei ambisiøs samla investeringsramme i planperioden på 1.388 mill kr, fordelt på 590 mill kr til vatn og 798 mill til avløp. Samstundes har kostnadane til nytt hovudreinseanlegg for avløp (Ohara) auka monaleg. I sum gjev dette auke i dei kommunale gebyra for vatn og avløp.

I ein slik situasjon bør ein vurdera om noko av investeringane kan skyvast noko ut i tid for å redusera gebyrnivået i ein periode. T.d. vil utsetting av investeringar på 100 mill kr i sektoren eit år redusera gebyra med 590 kr pr abonnement i åra etter (fram til investeringa evt. blir gjennomført. Administrasjonen bør derfor gå gjennom investeringsbudsjetta for VA-sektoren, og vurdera om nokre tiltak kan reduserast/skyvast noko ut i tid for å redusera gebyrnivået, ref. også samrøystes vedtak i Os kommunestyre av 02.04.19 (handsaming av Ohara-rapporten).

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gå gjennom investeringsnivået i VA-sektoren og vurdera konsekvensane av at nokre tiltak vert redusert/skjøve ut i tid for å redusere VAgebyra i ein periode. Sak skal leverast til politisk handsaming innan 01.04.20.

7.7 Kommunal kontantstøtte

Os kommune har tidlegare hatt kommunal kontantstøtte for 2-åringar for å gje valfridom til dei foreldra som ynskjer å væra noko lengre heime med barna sine. Den statlege kontantstøtta for 1-åringar er for 2019 på kr 7 500 pr månad. Kommunens samla kostnad med ei tilsvarande kommunal kontantstøtteordning for 2-åringar er klårt lågare enn om kommunen gjev barnehageplass.

Framlegg til vedtak;

Bjørnafjorden kommune etablerer kommunal kontantstøtte for 2-åringar med kr 7500 pr år (vert juster i høve 2020-sats for statleg kontantstøtte til 1-åringar). Ordninga vert innført frå 01.07.2020.

7.8 Bjørnafjorden som HELT MED-kommune

HELT MED er et ideelt foretak som arbeider for å inkludere utviklingshemmede i ordinært arbeidsliv. HELT MED-modellen er utvikla i samarbeid med sentrale arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar som Fellesforbundet, Handel og kontor, FO, Fagforbundet og NHO Arbeid og inkludering, og tiltaket har fått støtte fra ideelle stiftingar og over statsbudsjettet. I praktisk arbeid samarbeidar dei tett med dei lokale NAV-kontora og ASVObedriftar. Les meir på www.heltmed.org.

FrP meiner dette er ein sosial entreprenør som står godt til Bjørnafjorden kommune sitt verdigrunnlag, og at eit samarbeid med HELT MED vil kunne gje ein positiv tilvekst for personar med nedsett funksjonsevne i kommunen.

Framlegg til vedtak;

Kommunestyret ber rådmanne fremja eiga sak om samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune, NAV, ASVO og det ideelle foretaket HELT MED.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.