Lokal | 06. sep. 2011

FrP størst på Os VGS

FrP befesta posisjonen som største parti på Os vidaregåande skule, men Ap auka mest.

FrP størst på Os VGS
Andris Hamretysdag 06. sep. 2011 13:49

Terje Søviknes og FrP har alltid hatt stor støtte blant elevane ved Os Vidaregåande skule. Ved skulevalet i 2007 fekk dei heile 59,1% av stemmene og hadde samen med høgre over 80% oppslutnad.

Tysdagens val befesta posisjonen til dei borgelege partia, men de må tåle ein betydeleg nedgang båe to. FrP fekk i år 43,6%, medan Høgre hamna på 15,2%.

Valets vinnar ved Os vidaregåande skule er Ap som går fram heile 10,6% samenligna med valet i 2007 og blei nest største parti med 15,6%.

Resultata

Tala frå skulevalet i 2007 i parentes.

Frp: 43,6% (59,1)
Ap: 15,6% (5)
H: 15,2% (18,9)
Sp: 8,9% (5)
V: 3,2% (1,5)
KrF: 2,1% (1,2)
Raudt: 1,4% (0,9)
MdG: 1,1% (-)
SV: 0,7% (1,5)
Andre*: 8%

* Sidan skulevalet er eit nasjonalt val er det med parti som pensjonistpartiet, kystpartiet, Demokratane m.v. Samstundes er lokale lister som Tverrpolitisk Samlingsliste her i Os ikkje med av alternativa elevane har å røysta på.

65,1% av elevane ved Os Vidaregåande skule gav si røyst.

- At deltakinga ikkje er høgre skuldast nok delvis at endel av klassane er ute i praksis. I tillegg er det sjølvsagt nokre elever som vel å ikkje stemma, fortel Lisbeth Holst ved skulen.

Sjå resultata frå Os Gymnas her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.