Lokal | 10. feb. 2012

Frp/H: OHARA til Liafjellet

LESARINNLEGG, Søviknes (Frp) og Bruarøy (H): I gruppemøte torsdag kveld bestemte Fremskrittspartiet og Høgre seg for å plassera OHARA i Liafjellet.

Frp/H: OHARA til Liafjellet
Andris Hamrefredag 10. feb. 2012 10:04

Kommunestyregruppene til Frp og Høgre handsama torsdag kveld lokaliseringa av OHARA.

Basert på eit overordna samfunnsperspektiv konkluderte gruppene med at Liafjellet er den beste lokaliseringa av anlegget.

Saka om etablering av nytt hovudavlaupsreinseanlegg (OHARA) har vore ein omfattande og grundig prosess, basert på fagleg dokumentasjon. Prosjektet er mellom dei største enkeltinvesteringane Os kommune nokon sinne har stått overfor. Frp og H har difor villa avventa realitetsbehandling av saka til saka var ferdig utgreidd og alle faglege spørsmål besvart.

I den siste fasen har partia vurdert ekstrakostnaden med etablering i Liafjellet mot potensielle negative sider knytt til innstillinga frå administrasjonen om lokaliseiring av anlegget på Kuhnle, med utblås i Kuhnlevika. Mellom anna har omsynet til friluftsområdet, det visuelle uttrykket i strandsonen, frykt for evt. luktplager og setningsskader, anleggstrafikk i byggeperioden og potensiale for framtidig bustadutvikling i Kuhnle-området vore vurdert.

FrP og Høgre vil koma tilbake med utfyllande argumentasjon når saka skal handsamast i Os kommunestyre kommande tysdag.

Frp/H ser fram til ein vidare prosess med regulering, prosjektering og bygging av OHARA i Liafjellet. Koalisjonen vil sterkt oppmoda administrasjonen om å etablera ein solid prosjektorganisasjon for realisering av anlegget.

Marie E. L. Bruarøy, varaordførar (H)
Terje Søviknes, ordførar (Frp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.