Lokal | 04. des. 2020

FrP/H trygger heimetenesta på kort og lang sikt!

Lesarinnlegg: 200 tilsette i open omsorg fortener dette.

FrP/H trygger heimetenesta på kort og lang sikt!
Lyssandfabrikken, her i 2014, rett før produksjonen blei flytta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. des. 2020 09:31

Open omsorg var stemoderlig behandla i budsjettframlegget frå kommunedirektøren. FrP/ H kunne ikkje akseptera at denne tenesta skulla ha sitt virke i Baronsgården på Osøyro, noko me sa i frå om tidleg i budsjettprosessen.

Og no i FrP/H sitt alternative budsjett for 2021 gjer vi noko med det. Vi sikrar midlertidig leige i Lyssandfabrikken til både open omsorg og eventuelt hjelpemiddelsentral.

Samstundes løyver vi midlar i budsjettet til eit nytt prosjekt som anten inneheld nybygg v/parkeringsplassen på Lurane eller ombygging av den gamle sjukeheimen.

Uansett val av lokalitet meiner vi open omsorg og hjelpemiddelsentral bør samlokaliserast. Og skal permanent base for open omsorg/hjelpemiddelsentral vera på plass om 2-3 år må planlegginga starta no, og investeringa skje i 2021-22. Vi set difor av 15 mill. i 2021 og 30 mill. i 2022.

Vi tek ansvar, og tenesta veit med dette kva som skal skje der framme.

Dette i motsetnad til dei som sit ved roret i posisjon.

Det AP, SP, MDG og KrF strekk seg til er eit verbalforslag som lyder» Lyssandfabrikken er ei god og formålsteneleg lokalisering fram til ei permanent løysing er på plass nokre år fram i tid. Det er viktig at heimetenesta no raskt vert samla under eit tak og at arbeidstilhøva blir betre enn i dag. Vi ber kommunedirektøren iverksette leige av mellombels lokalisering for heimetenesta på Os-sida.»

Altså veit ikkje open omsorg kor dei skal vera om 2-3 år. Posisjonspartia tek ikkje stilling til framtidig løysing, og dei sett ikkje av midlar i budsjettet til tiltaket.

FrP/H meiner dei om lag 200 tilsette i open omsorg fortener betre. Difor er det viktig for oss å gje tryggleik til dei ved å visa i budsjettet at me gjer det vi seier.

Laila Reiertsen (FrP)
Marie E. Bruarøy (H)

Marie Lunde Bruarøy (t.v.) og Laira Reiertsen. (Foto: KVB)
Marie Lunde Bruarøy (t.v.) og Laira Reiertsen. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.