Lokal | 28. sep. 2015

Fruktig torsdagsklubb

Det blei både sunt og fruktig då Diab Bardaneh vitja Torsdagklubben med matkunst.

Fruktig torsdagsklubb
Bergitte (t.v.) og Solveig Bogevik saman med matkunstnar Diab Bardaneh (privat foto)
Andris Hamremandag 28. sep. 2015 11:53

Bildeserie:

Solveig syner fram eitt av kunstverka i produksjon (privat foto)
Solveig syner fram eitt av kunstverka i produksjon (privat foto)
Skrik kan òg lagast av frukt (privat foto)
Skrik kan òg lagast av frukt (privat foto)
Nett so julenissen (privat foto)
Nett so julenissen (privat foto)
1 av 3
Solveig syner fram eitt av kunstverka i produksjon (privat foto)
Skrik kan òg lagast av frukt (privat foto)
Nett so julenissen (privat foto)

Torsdag fekk deltakarane på torsdagsklubben, eit av kommunen sine fritidstilbod til mennskje med utviklingshemming, eit litt annerleis og spennande besøk når kokk og matkunstnar Diab Bardeneh kom på vitjing.

– Eg leste om Diab i BA tidlegare i sommar då eg skulle planlegga haustens program for torsdagklubben. Eg blei så fasinert at eg måtte ta ein telefon til han og høra om han var interessert i å ta turen frå Bergen til Os for å visa fram kunstene, fortel Bente Borghild Hauge, fritidsleiar for utviklingshemma i Os kommune.

Bilar, fly og fuglar av frukt

Israeleren frå Nasareth tente umiddelbart på ideen.

– Han var i fyr og flamme, og sa ja med ein einaste gong.

– Det blei ein ekstra kjekk kveld for dei omlag 50 frammøtte. Diab laga både bilar, fly, fulgar og musikkinstrument av ulike typer frukt og grønt. Alt var sjølvsagt spiseleg og det var fleire som fekk med seg kunstverka heim, fortel Hauge.

Fem om dagen

Det blei ikkje berre frukt på deltakarane i torsdagsklubben.

– Det blei litt i overkant å skulle laga kunstferdig frukt til alle, så vi supplerte med fiskeburgarar med spennande grønsaker og snakka litt om kor viktig det er få i seg fem om dagen med tanke på å få i seg nok vitaminer og å helda seg frisk og rask.

– Eg har inntrykk av at det fell i god jord, avsluttar Bente Borghild Hauge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.