Kultur | 24. aug. 2011

Fryktar bowlingen forsvinn

– Nokon bør koma på banen, anten det er kommunen, huseigar eller begge, seier Jan Lorentz Lund.

Fryktar bowlingen forsvinn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2011 05:04

Onsdag 31. august kan bli siste opningsdag i Os Bowlinghall. Os Filmsenter, som også driv bowlinghallen, vil ikkje fornya leigekontrakten i Irisgården.

Les òg:
Slutt for videoen?

– Mister vi bowlingen no så trur vi aldri meir får bowling i Os, seier Jan Lorentz Lund.

– No må folk vakna og reagera før tilbodet forsvinn. Bowlingen på Os er eit tilbod som mange og svært ulike typar menneske har stor glede av.

Verken ny drivar av MIX-kiosken eller alternativet; ny leigetakar, er førebels på plass.

Livsglede for små og store

Lund er leiar for Os LHL, lokalavdelinga av foreininga for hjarte- og lungesjuke har rundt 300 medlemmar og 20-25 av desse speler bowling kvar onsdag.

– Her koser vi oss menn og kvinner, gutar og jenter. Det yngste medlemmet vårt som er med på bowlingen er ein 8 år gamal hjartesjuk gut.

– Vi ser også at mange andre har det kjekt med eit slag bowling, frå ungdomar og kjærastepar til arbeidskollegaer og småbarnsfamiliar. Slepp vi dette frå oss så blir det eit savn for veldig mange.

Potensiale, men høg husleige

Irisgården har blitt eit fint bygg og ligg godt plassert rett ved sentrum og hamna. I det store lokalet på gateplan, der videokiosken og bowlinghallen held til, ser vi for oss at husleiga ikkje er låg.

Bowlingspelar og entusiast Tony Wold dreiv bowlinghallen for Os Filmsenter i to år. Wold dreiv på provisjon og vil ikkje ut med kva husleiga ville vore på om han hadde leigd bowlingavdelinga og hatt ansvar for sin del av leiga.

– Men dei beste månadane kunne vi fint ha drive med husleiga som var. Problemet er risikoen, kva om eg får nokre svake månadar på rad? Hadde husleiga vore lågare kunne eg har tatt over igjen, og eg veit eg ville fått god hjelp av fleire til å driva hallen.

Etter det Midtsiden kjenner til skal den samla husleiga for videokiosk og bowling ha lagt på rundt 60.000 kroner. Bowlingen tar over halve arealet i lokalet.

Etterlyser samfunnsansvar

Bowlingbanane let seg flytta, men det skal vera kostbart. Lund skryt av Wold og seier LHL gjerne stiller opp på dugnad om han vil driva hallen. Eventuelt kan dei driva den sjølv.

Lund meiner tilbodet er så viktig at kommunen bør koma med støtte.

– Hadde dei følgt med så hadde dei kome med bidrag for lenge sidan. Dette er fritidstilbod, kultur, idrett og førebyggande arbeid i eitt.

At Norgesgruppen, som eig Irisgården, vil ha pengar for kvadratmetrane sine, forstår han. Samtidig lurer han på om ikkje det er ein rik onkel ein plass i Norgesgruppen-systemet.

– Mange storkarar og mange firma er sånn, at dei støttar frivillig arbeid og gode tiltak. I dette tilfellet handlar det ikkje om å gje vekk så mykje pengar, det handlar berre om å visa litt moderasjon ovanfor dei som vil driva, seier Jan Lorentz Lund.

No håper han både for LHL og resten av Os sin del at nokon kjem støttande til.

– Folketalet veks og behovet for tilbod som dette aukar. Eg synes ikkje at vi berre kan sitja å sjå på at ein bowlinghall blir stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.