Lokal | 28. feb. 2012

Fryktar fleire ras

Delar av Bir i Kolskogen er sperra av etter jordras ned mot E39 i natt.

Fryktar fleire ras
Store nedbørsmengder førte i natt til jordras mellom E39 og Bir i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 28. feb. 2012 13:01

I 3.30-tida natt til tysdag fekk politiet melding om jordras ved E39.

Eit stort stykke av skråninga på utsida av Bir sin stasjon i Kolskogen har lausna og rast ned mot vegen mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

Vegtrafikksentralen blei varsla og kom til Svegatjørn for å sjekka staden.

– Vi har hatt vegvesenet på plassen her i dag og ventar no på geolog, seier Torbjørn Lepsøy hos Bir.

Bir har sperra av delar av plassen som grensar mot staden raset gjekk.

– Grunnen bør sjekkast skikkeleg. Sånn det ser ut no fryktar vi at det kan gå fleire ras, seier Lepsøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.