Helse | 15 timar sidan

Fugleinfluensa: Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar. Varsle kommunen.

Det er påvist fugleinfluensa i Bergen og Øygarden.

Fugleinfluensa: Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar. Varsle kommunen.
Her i Oselva ser måke, skarv og ender heilt friske ut. I nabokommunane er det påvist fugleinfluensa i andefuglar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 11. feb. 2026 09:25

Det er påvist fugleinfluensa hos svane- og andefuglar i to av nabokommunane til Bjørnafjorden, informerer kommunen.

Varsle ved mistanke

– Dersom du oppdagar daude eller sjuke fuglar og mistenker fugleinfluensa, er det viktig at du varslar kommunen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Har du observert sjuk eller daud villfugl og mistenker fugleinfluensa, skal du varsle vakthavande brannbefal/miljøberedskap på telefon 91 56 85 90.

Fugleinfluensa blir jamleg påvist hos ville fuglar fleire stader i Norge. Ifølge Mattilsynet er risikoen for smitte mellom fugl og menneske svært låg, men det er viktig å ta forhaldsreglar.

Du skal ikkje handtere sjuke eller daude fuglar.

Hundar – og kattar, så langt det lar seg gjere – bør haldast unna.

Har du høner eller annan tamfugl, viser kommunen til Mattilsynet sine råd for å unngå smitte.

Om fugleinfluensa

Fugleinfluensa, eller aviær influensa, blir forårsaka av influensavirus A. Sjukdommen blir delt i ein alvorleg variant (høypatogen fugleinfluensa, HPAI) og ein mildare variant (lavpatogen fugleinfluensa, LPAI).

Den alvorlege forma kan gi rask og høg dødelegheit hos fugl, ofte utan symptom. Den mildare forma gir ofte få eller ingen symptom, men LPAI-viruset kan utvikle seg til den alvorlege varianten.

Smitte skjer lett via avføring eller dråpesmitte frå luftvegane.

Fugleinfluensa smittar svært sjeldan frå dyr til menneske, og då berre ved nær kontakt med sjuke eller daude dyr.

Sjukdommen smittar ikkje via mat eller drikkevatn. Mattilsynet rår til god handhygiene etter kontakt med fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?