Helse | 13 timar sidan

Fugleinfluensa påvist i Os. I går kom nok ei melding.

Kommunen ber folk halda seg sjølv og husdyr vekke frå døde fuglar, og ber samtidig om tips.

Fugleinfluensa påvist i Os. I går kom nok ei melding.
I førre veke blei fugleinfluensa påvist i død svane funne på Røykenes, i går kom melding om død skarv ved Langøya utanfor Sørstrøno (bildet). Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. mars 2026 11:53

Bjørnafjorden kommune opplyser i dag om påvist fugleinfluensa i ei svane som blei funne død på Røykenes i førre veke.

– Dersom du oppdagar døde villfuglar og mistenker fugleinfluensa, er det viktig at du varslar kommunen, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

Ved funn av død fugl ber kommunen deg om å ringa Bjørnafjorden brann og redning, som har utstyr til å handtera den.

– Vi har fått éi melding sidan i går. Det var ein som hadde observert ein død skarv ved Langøya utanfor Sørstrøno, fortel Arne Rødberg frå Bjørnafjorden brann og redning.

– Observasjonen blei gjort dagen før. Vi reknar med at fuglen kan ha drive langt på dette døgnet, så vi brukte ikkje tid på å leita etter den.

Det er dermed uvisst om også denne var smitta.

Melf oppmodar folk om ikkje å ta på fuglar som er død eller ser sjuke ut, og å prøva å halda hundar og andre husdyr unna døde fuglar.

– Om du ser fuglar som ser sjuke ut, bør du òg halda deg vekke, men du treng ikkje kontakta kommunen eller brannvesenet. Dei kan bli friske igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?