Næringsliv | 03. mai 2009

Full aktivitet i ny lagune

Koldal sitt hyttefelt på Ytterøya tar form. Den første hytta har fått tett tak og dei første nausta byrjar å reisa seg denne veka. Men salet har ikkje starta enno.

Full aktivitet i ny lagune
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mai 2009 13:14

Bildeserie:

1 av 5

- Eg vil ha området meir ferdig før eg byrjar å selja, seier utbyggar Rolf Henning Koldal.

Hausten 2008 skreiv vi om korleis han sperra av eit smalt sund for å grava ut god djupne i eit stort, men grunt sund.

Hamna blir samlingspunkt
Mykje har skjedd sidan sist vi skreiv om prosjektet på Ytterøy. Kaien er ferdig og det er støypt ringmur til alle dei tre doble nausta som skal koma i det vestvendte hyttefeltet mellom Halhjem og Søre Øyane.

- Eg bygger nausta to og to med luft mellom, eg trur det blir finast. Til to av nausta er det også ferdig grunnmur, og onsdag byrjar vi å bygga dei, fortel Rolf Henning.

Han reknar med at hamna blir eit samlingspunkt for dei komande 29 hytteeigarane, derfor vil han ha denne mest mogleg representabel før han startar hyttesalet.

- Når vi har nausta ferdig legg vi stein på kaien mellom dei komande nausta. Ein bergrygg i sundet kan vera farleg for større båtar, så den sprenger vi vekk i morgon. Og så skal det mudrast før ny vassleiing kjem inn sundet.

Til slutt skal den nye lagunen få rundt 250 kubikk med skjelsand, og eiga sandstrand.

Kontroll og kvalitet
Før helga fekk den første hytta tett tak. Når denne er ferdig, truleg i månadsskiftet juni-juli, kan salet starta.

- Vi vil ha kontroll med utbygginga, og sel derfor ferdige hytter og hytter på prospekt. Kundane kan velja mellom torv og skifer på taket, også nausta får skifer, seier Koldal, som har teikna den første hytta sjølv.

Denne er på cirka 120 kvadratmeter, med tre soverom + hems, eige, stort kjøkken i tillegg til stove, med direkte utgang til overbygd terrasse. Hytta har dimensjonar og isolasjon som ein ny einebustad.

- Mange går ned på dimensjonane på hytter i typiske sommarområde, men vi legg opp til heilårsbruk.

I to år har byggmeisteren brukt både kapital og mykje tid på å utvikla det nye hyttefeltet. Snart kan han byrja å få løn for strevet.

- Det har gått med mykje ressursar, men vi var godt førebudd og har bank med tru på prosjektet. Det skal bli godt å bryja å selja, men først vil vi at det skal sjå skikkeleg ut, seier Rolf Henning Koldal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.