Lokal | 06. sep. 2012

Full barnehagedekning

Os kommune har, etter lova, full barnehagedekning. - Alle søkjarar med rett på plass fekk plass ved hovudopptaket, fortel Irene Ullensvang.

Full barnehagedekning
Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang presenterte heilt ferske tal på tenesteutvalet onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. sep. 2012 09:42

På tenesteutvalet onsdag fekk politikerane presentert heilt ferske tal frå årets samordna hovudopptak til barnehagane.

- Det var 245 søkarar som etter lova har rett på barnehageplass.

- Samtlige av desse fekk plass, orienterte barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang.

Nedgang på 40

1235 born går no i ein av dei 17 barnehagane i Os.

- Det er ein nedgang på 40 samenlikna med same tid i fjor.

Nedgangen kan skuldast endring i sammensetning av born over og under tre år.

- Du fortel at 16 born som er fødd etter 1/9 2011, og dermed ikkje har lovfesta rett på plass, som har fått plass. Kva er årsaken, undra Helge Olav Nygard (KrF).

- Dei ikkje-kommunale barnehagane har eigne vedtekter som dei kan ta opp born etter. Dette kan til dømes vera at dei treng personale med spesiell kompetanse, som får plass, forklarte Ullensvang.

351 på venteliste

Sjølv om kommunen har full barnehagedekning etter lova, er det framleis ungar som står på venteliste for å få plass.

- Oversikten vi har tatt ut syner at det er 102 som ønskjer plass innan 31/12 og 249 som ønskjer plass innan 29/8 2013.

- Dette er born som ikkje har barnehageplass, og som ikkje har rett på plass etter lova.

- I tillegg er det 141 born som har plass, men der foreldra ønskjer plass i ein anna barnehage enn det bornet går i.

- No skal det seiast at ofte så fell desse søknadane frå, då foreldra er nøgd med den barnehagen dei har, forklarte Ullensvang.

Slik fordelar plassane seg

Per 1. september 2012 var fordelinga mellom barnehagane denne:

Espira Kuventræ – 154
Os – 147
Espira Ulvenvatnet – 111
Kuvågen – 100
Nøtteliten – 94
Skeisbotnen – 78
Lysekloster – 70
Hjellemarka FUS – 64
Skorvane FUS – 63
Søre Øyane naturbarnehage – 63
Søre Neset FUS – 58
Hegglandsdalen – 54
Banktjørnhaugen – 53
Varhaug – 45
Sælehaugen – 38
Flåten naturbarnehage – 35
Trivselen familiebarnehage – 8

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.