Kultur | 06. jan. 2012

Full fart frå første dag

Bowling1 Mix Os hadde godt besøk på opningsdagen.

Full fart frå første dag
Ole Henning Bøe var blant dei første til å spela bowling hos nyopna Bowling1. (Mobilfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. jan. 2012 11:04

Den var ikkje annonsert, for det var "ei varsam opning", der ikkje alt er klart.

Men Bowling1 i Irisgården hadde likevel spel på dei fleste banane på opningsdagen torsdag, fleire videoutleige og greit med aktivitet i kiosken og videoutleigen.

– Vår første bestilling på bursdagsfeiring kom før opning, og det kom to nye i ettermiddag, sa innehavar Tore André Sagstad torsdag kveld.

Sagstad held fram med å halda ope medan siste rest på kjøkken, restuarant og kiosk kjem på plass.

Laurdag blir det spelt landsserie i bowlinghallen, som er oppgradert med nye skjermar, lys og lydanlegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.