Inger Samdal, Gøril Hausberg og Wenche Orrebakken opna i dag Spøt på AMFI Os (foto: Andris Hamre)

Full fart frå start

Kundane sto klare då Spøt opna torsdag morgon.

image
image
Av: Andris Hamre

I februar blei det kjend at det skulle komma to nye butikkar på AMFI Os. Link Brands såg for seg at dei skulle ha ei stille og roleg opning, men då rulleporten gjekk opp i førre veke sto kundane klare.

Det same skjedde torsdag då Inger Samdal, saman med Wenche Orrebakken og Gøril Hausberg ønskja strikkeglade kundar klare.

– Her er det full fart frå start, smilte Inger Samdal rett etter at butikken opna klokka ti.

– Det blir jo alltid litt hektisk i innspurten, men vi har varene på plass og no har vi fått kassen opp og gå også, så no gler vi oss til resten av dagen.

God respons

Samdal står bak butikken saman med Arne Hansen.

– Vi har fått veldig mange fine tilbakemeldingar og god respons etter at det blei kjent at vi skulle opna. Vi har prøvd å ta inn litt andre garntyper enn det den andre strikkebutikken i Os har, men det er klart at mykje er standard, slik som Sandnes garn. Vi har også freista å ha litt lokalt utval, slik som garn frå Hillesvåg som ikkje er så langt vekke.

– Når det gjeld utvalet, så vil det sikkert endre seg litt etterkvart når vi ser kva folk etterspør. Eg har fått med meg flinke folk. I tillegg til Wenche og Gøril, så skal også Serin Mehammar stå i butikken, avsluttar Samndal før ho må fokusera på kundene i staden for lokalpressa.

Fleire saker