Sport | 12. aug. 2012

Full fart i hundeklubben

Etter nokre relativt stille år er det igjen høg aktivitet i Os hundeklubb. - No har vi aktivitet fire gongar i veka, fortel leiaren.

Full fart i hundeklubben
Sporøvingar er nokre av aktivitetane hundeklubben no driv med (foto: Os hundeklubb)
Andris Hamresundag 12. aug. 2012 10:56

Os hundeklubb blei starta i 1980 og holdt eit høgt aktivitetsnivå, mellomanna med utstillingar og andre aktivitetar.

- Dei siste åra har det vore litt rolegare, men no er aktivitetetn i ferd med å ta seg opp att, fortel nyvald leiar Hanne Bjørg Hagevik.

Treng miljøtrening

Er du fersk hundeeigar, fått deg kvalp i sommar eller rett og slett har lyst til å møte andre hundeeigarar anbefalar Hagevik at du blir med når dei har miljøtrening.

- Det var noko vi starta opp i vår og som fort blei veldig populært.

- Du veit, du kan trene hunden din så mykje du kan i å gå pent i band og oppføre seg som du vil. Men du veit likevel ikkje korleis hunden din reagerar når den kjem ut i trafikkingen og i møte med fleire andre hundar.

- Difor har vi miljøtreningar kor vi gjer enkle øvingar i fellesskap. Det handlar rett og slett om å øve kvardagslydighet for familiehundane, forklarar Hagevik.

Samlingane legg dei mellomanna til Os sentrum, Ervikane, Hordnesskogen og Nesttun.

- Det gjer vi for å få inn element som kanskje ikkje er så lett å øve på i det daglege. Korleis reagerar hundane når dei møter mange joggare i Hordnesskogen eller bybanen på Nesttun, spør Hagevik retorisk.

Treningsbane i Åsen

I tillegg til miljøtreninga samlast hundeklubben på anlegget i Åsen ved Fjellanger Hundeskule.

- Der har vi ei full hinderbane (agilitybane) som er mykje i bruk.

- Om det er folk som har lyst til å teste agility med hundane sine er dei hjarteleg velkommen oppom ein laurdag for å prøve litt.

- Skal ein vera med fast må ein ha gjennomgått nybyrjarkurs. Grunnen til det er rett og slett at ein må kunne dei grunnleggande tinga slik at hunden ikkje blir skremt, forklarar leiaren.

Hjelper kvarandre

Bana i Åsen er óg samlingsplassen for lydigheitstreninga i klubben.

- Vi har eit godt miljø som driv med forskjellige lydigheitsøvingar. Enkelt sagt er øvingane delt opp i tre. Spor, lydigheit og figurantarbeid.

- Vi har ingen instruktørar på desse treningane, men hjelper kvarandre med tips, råd og vink, smilar Hanne Bjørg Hagevik.

Startar utstillingskurs

Eit område dei i haust vil ha kurs med instruktør er på utstilling/ringtrening.

- Det skal vera ei større hundeutstilling siste helga i september i Bergen.

- Difor arrangerar vi no kurs i utstilling og ringtrening. Kurset blir på onsdager oppe i Åsen, fortel Hagevik som ber interessert om å gå inn på heimesida til hundeklubben for meir informasjon om aktivitetane i klubben.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.