Lokal | 23. aug. 2012

Full fyr i naust

Tre båtar var i bruk då 10 mann frå Os brannvesen rykte ut til brann på Skorpo.

Full fyr i naust
Rygervakt i gang med sløkkearbeidet. (Mobilfoto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. aug. 2012 12:21

Eit naust nordaust på Skorpo sto i 14-tida i dag i full fyr.

– Det skal ikkje vera fare for liv og helse, men det er både båtar, andre naust og hytter i nærleiken, seier Erik Walden frå Os brannvesen.

Brannvesenet er på veg til staden i båt. Dei har også rekvirert ambulansebåten MS Rygervakt frå Austevoll, ein båt med vannkanon.

– Vi har oppmøte på Strøno kai. Båtane er her tidlegast om 7-8 minutt, sa Walden klokka 14.15.

– Under kontroll

Ambulansebåten er no på staden og driv sløkking av overtent naust.

– Brannen er ikkje sløkt, men den er under kontroll.

– Det er heller ikkje lenger fare for spredning, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Det var ei stund ei utfordring med to propanflasker som sto i nærleiken, men desse er no sikra.

Tre båtar i sving

Brannvesenet har etablert seg med base på Strøno kai på Nordstrøno.

– Her har vi utstyr og fire mann tilgjengeleg om det skulle vera behov for oss andre stadar i Os.

På Skorpo har brannvesenet no 10 mann i sving, i tillegg er politiet på plass med to mann.

Lege og ambulansepersonell, utover redningsmannskapet som allereie er i sving, har det ikkje vore behov for.

– I tillegg til Rygervakt og brannbåten Unik har vi ein privatbåt som transporterer mannskap og utstyr. No er røykdykkarutstyr på veg ut til innsats i sluttfasen av sløkkinga.

Unik har ikkje sløkkeutstyr, men brannvesenet har med pumper og sløkker med sjøvatn.

Uviss årsak

Dei første meldingane om brann kom som avstandsmeldingar.

– Det er førebels uvisst om det var folk i eller rundt naustet då det byrja å brenna.

– Det er også uvisst kva som er årsaka, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.