Sport | 18. juni 2011

Full kai for Poker Run

Bergen Poker Run 2011: Anders Arefjord fekk start, havarerte på Korsneset og haika med Eirik Haugland til Vedholmen.

Full kai for Poker Run
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. juni 2011 14:40

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Laurdag gjekk årets Bergen Poker Run av stabelen. 12 raske båtar møtte i 9-tida opp på Dikkedokken i Bergen for førarmøte før avreise til kortesje i Vågen klokka 10.30.

– Eg sjøsette fredag og fekk båten i gang, seier Anders Arefjord om RibCat-en sin.

Les òg:
Kan bli klar for Poker Run

Anders er blant fleire osingar som deltar i Poker Run, men får det som vanlig hektisk med mekking når det nærmar seg racet.

– Båten gjekk nokre meter, så sa det stopp. Men vi fekk på nokre nye slangar så vi klarte å stilla til start.

Havari og høg fart

Den 36 fot lange RibCat-en, som har fått 1300-1400 hestekrefter, er venta å gå over 100 knop.

– Det såg bra ut, vi hadde den i 50 knop på 3000 omdreiingar. Motoren skal opp i 8000 omdreiingar, så då kan det bli gøy.

Men full fart blei det ikkje. Slangane smelta og den lukka kabinen blei fylt med røyk.

– Vi såg ingenting. Heldigvis var far til Anders bak i følgjebåt, så han kunne slepa rib-en til hytta på Bjørnarøya, seier mannskap Karl Ole Lyngbø.

Innom Hølmen

Anders og Karl Ole fekk haik vidare med Eirik Haugland, som suste stødig vidare i sin Arriva. Også Johannes Bromsholm frå Øyane deltok med sin Miami.

I 12.30-tida i dag var deltakarane innom Vedholmen Landhandel, der mange hadde møtt fram for å få med seg litt motorstyrke til kai.

Turen gjekk vidare til lunsj på Våge. I 16-tida skal turen gå tilbake med flyby takeover (bakerste båt kjører forbi alle og legg seg fremst, osv) tilbake til Dikkedokken og middag med fest i Bergen.

ÅRETS DELTAKARAR:
XO 24 - Finn Atle Haldorsen
Fountain 35 Lightening - Per Morten Nygård
Ribcat 36 - Andres Arefjord
Skater 28 - Lennart Vetås
Arriva 2552 - Eirik Haugland
Miami 670 - Johannes Brimsholm
Fountain 47 - Asbjørn Olimstad
Chicken Shit - Rudi Soltvedt
Stormray 29 - Kjetil Mjøen
Team Take Off - Kyrre Haugen
Team Suicide - Jan Nordeide
The Shak - Stian Notch

Poker Run 2010, bilde og video: Glei innom Askvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.