Sport | 26. aug. 2019

Full pott i spennande heimekamp

Os slo Brann 2 i det som var årets første siger på Kuventræ.

Full pott i spennande heimekamp
Mats Cato Moldskred sette inn 1-0 i 15. minutt og blei kåra til dagens Os-spelar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. aug. 2019 20:25

Bildeserie:

Godt med publikum på ein solrik måndagskveld. (Foto: KVB)
Godt med publikum på ein solrik måndagskveld. (Foto: KVB)
Her fekk Kvamsdal frispark. (Foto: KVB)
Her fekk Kvamsdal frispark. (Foto: KVB)
Men det var Brann 2 som styrte dei første ti minutta. (Foto: KVB)
Men det var Brann 2 som styrte dei første ti minutta. (Foto: KVB)
Så fekk Moldskred ein fulltreffar med venstre. (Foto: KVB)
Så fekk Moldskred ein fulltreffar med venstre. (Foto: KVB)
Keeper var på ballen, men skotet var for hardt. (Foto: KVB)
Keeper var på ballen, men skotet var for hardt. (Foto: KVB)
Jubel i Os-leiren. (Foto: KVB)
Jubel i Os-leiren. (Foto: KVB)
Os sin nye venstreback, Støle-Hansen. (Foto: KVB)
Os sin nye venstreback, Støle-Hansen. (Foto: KVB)
Villén stussa vidare ein corner. (Foto: KVB)
Villén stussa vidare ein corner. (Foto: KVB)
Haraldseid, Os sin nye høgrekant, nær skåring. (Foto: KVB)
Haraldseid, Os sin nye høgrekant, nær skåring. (Foto: KVB)
Havsgård fekk kraft i denne, men skotet gjekk rett utanfor. (Foto: KVB)
Havsgård fekk kraft i denne, men skotet gjekk rett utanfor. (Foto: KVB)
Ekeland nær draumeopning på 2. omgang. (Foto: KVB)
Ekeland nær draumeopning på 2. omgang. (Foto: KVB)
Moldskred skaut rett utanfor minuttet etter. (Foto: KVB)
Moldskred skaut rett utanfor minuttet etter. (Foto: KVB)
Lunde kasta, Mo skaut, men keeper blokkerte. (Foto: KVB)
Lunde kasta, Mo skaut, men keeper blokkerte. (Foto: KVB)
Nesten av debutant Dyngeland. (Foto: KVB)
Nesten av debutant Dyngeland. (Foto: KVB)
Også Kvamsdal skaut rett utanfor. (Foto: KVB)
Også Kvamsdal skaut rett utanfor. (Foto: KVB)
Ekeland igjen. (Foto: KVB)
Ekeland igjen. (Foto: KVB)
Villén skaut rett over. (Foto: KVB)
Villén skaut rett over. (Foto: KVB)
Så blei det gult kort til Os sin spelande assistenttrenar. (Foto: KVB)
Så blei det gult kort til Os sin spelande assistenttrenar. (Foto: KVB)
Dyngeland sin største sjanse, god redning av Ræstad. (Foto: KVB)
Dyngeland sin største sjanse, god redning av Ræstad. (Foto: KVB)
Her fekk Hovland frispark til Os. (Foto: KVB)
Her fekk Hovland frispark til Os. (Foto: KVB)
Moldskred og Dyngeland skjerma to cornerar nokre sekund, så prøvde dei seg. (Foto: KVB)
Moldskred og Dyngeland skjerma to cornerar nokre sekund, så prøvde dei seg. (Foto: KVB)
Thrilleren enda i 1-0-siger. (Foto: KVB)
Thrilleren enda i 1-0-siger. (Foto: KVB)
1 av 22

Os tok i kveld imot Brann2 til 17. serierunde.

Éi skåring var nok, men kampen såg lenge ut til å bli målrik.

– Det kjennest fantastisk å vinna i dag. Vi møter god motstand, og gjestane har ballen mest, men vi knuser dei på sjansestatistikken framfor eit stort og fint publikum, seier trenar Endre Brenne nøgd.

Målet kom i 15. minutt. Moldskred finta vekk midtstoppar og avslutta med venstre. Keeper var på ballen, men skotet var for hardt og den trilla i mål.

Os har spelt uavgjort mot både Fyllingsdalen og Djerv 1919 p Kuventræ i år, men dette var sesongens første heimesiger i serien.

Os - Brann 2 1-0 (1-0)
Målskårar: Mats Cato Moldskred (15.)
Dagens Os-spelar: Mats Cato Moldskred
Os: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Vegard Strønen Skeie, Andreas Støle-Hansen - Rune Mo, Steffen Kvamsdal (Jonas Hovland (79.), Rafael Villén - Espen Haraldseid (Stian Dyngeland 60.), Roger Ekeland (Sander Kvittingen 87.) og Mats Cato Moldskred.
Gule kort, Os: Espen Haraldseid og Rune Mo

Brann 2 opna best og pressa Os dei første ti minutta. Etter to cornerar mot Os var det Kvamsdal sin tur, men det blei berre nesten.

Så sendte han Moldskred inn til skåring, og så byrja heimelaget å ta meir over, med eit godt angrep i 18. minutt og corner både i 21. og 23. minutt. I 26. minutt slo Villén tunell på Brann 2forsvaret og sendte høgreving Espen Haraldseid gjennom. Han avslutta hardt, men rett utanfor.

I 28. minutt trefte Moldskred tverrligger på frispark nesten frå sidelinja. I returrommet sto Havsgård og knuste til på halv volley, men ballen gjekk utanfor.

Andre omgang starta med endå høgare tempo. Ekeland og Moldskred har skifta plass, og Ekeland pressa seg forbi på venstreving fleire gongar, som i opningsminuttet av andre omgang, då han avslutta utanfor lengste stolpe etter sjølv å ha gått nesten til dødlinja.

I 46. minutt skaut Moldskred igjen, men denne gong rett utanfor.

Fleire målsjansar i debuten

I 60. minutt kom nysignerte Stian Dyngeland inn på høgre kant.

– I Fram har eg spelt både back, ving, spiss og til og med vore reservekeeper. Eg bryr meg ikkje kvar eg speler, berre eg kjem innpå, sa han i oppvarming i pausen.

Han fekk vist at han spelte 2. divisjon i vår, og kom òg til nokre sjansar. Den eine avsluttinga var både hard og godt plassert, men Brann 2 sin keeper i 2. omgang, Hermann Ræstad, har god rekkevidde.

Rune Mo fekk avslutta i 5-meteren etter innkast av Torgeir Lunde, men også denne blei blokkert av Ræstad.

Så tok gjestane meir over. Mikail Maden på Brann 2 var playmaker, og tolmodig heldt dei i ballen, snudde spelet, kom til innlegg og fekk seg nokre frikast.

Men Os var skumle på nokre overgangar, og Rafael fekk eit skot rett over mål i 81. minutt. På overtid fekk Os to cornerar som Moldskred og Dyngeland både skjerma og nesten fekk noko ut av, men kampen levde til vi høyrde fløyta.

Dommar Michael Szajnfeld gjorde ein stødig jobb frå start til slutt.

Neste motstandar tapte 9-0 i dag

Os klatra med dagens siger frå 10. til 8. plass på tabellen, forbi Brann 2 og Sogndal 2.

Os speler neste kamp måndag om ei veke, borte mot nettopp Sogndal 2, som i dag tapte heile 9-0 for Strømsgodset 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.