Dette asfaltverket i Åsen kom i drift i veke 16 og skal stå til E39 Svegatjørn-Rådal i 2020 er ferdig asfaltert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Full produksjon ved nytt asfaltverk i Åsen

Amomatic har kapasitet på 160 tonn asfalt - i timen!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I januar fekk Veidekke Industri AS dispensasjon av fylkesmannen til etablering av asfaltverk nærmare enn 200 meter til naboen, Fjellanger Hundeskole.

Rett over påske kom asfaltverket i drift, no får Veidekke Entreprenør kortreist asfalt til E39 Svegatjørn - Rådal-prosjektet.

På heimebane

Anleggsleiar ved asfaltverket er osingen Andreas Nordstrønen.

Han hadde fleire år bak seg hos Veidekke i Trondheim før han flytta til Bergen igjen og byrja å jobba hos Statens vegvesen. Så blei det retur til Veidekke Industri for å servera asfalt til E39-prosjektet i den tidlegare heimbygda.

– Eg bur i Nordhordland no, så det blir eit stykke å pendla, men det er kjekt å jobba i Os.

– Travel start

– Vi fekk levert noko asfalt til E39-anlegget med båt i februar, men det er vanlegvis rett over påske at høgsesongen for asfalt startar, sånn blei det her òg.

Produksjonen har gått for fullt frå start, og det er tre mann som jobbar ved anlegget frå klokka 5.30-6.00 om morgonen.

– Det har òg blitt enkelte lange dagar, og det blir travelt også ut denne veka, seier Nordstrønen.

Kan levera til andre

Fabrikken er av typen Amomatic CM 160, og har ein kapasitet på 160 tonn per time. Den har eige aggregat for leveranse av strøm.

Asfaltverket er mobilt, men blir ståande i Åsen til all asfalt på E39 SVegatjørn - Rådal er levert, truleg ein gang i 2020.

– Kvar i prosjektet har dei første leveransane gått til?

– I dag leverer vi den siste asfalten til det nye stykket av Ulvenvegen, frå Kolskogen over tunellopningane ved Svegatjørn.

– Det er ikkje ofte vi har asfaltverk med denne kapasiteten ståande i Os, kan anlegget òg levera til andre entreprenørar?

– Ja. Det må ikkje koma i konflikt med levering til eige anlegg, men om eventuelle interessentar tar kontakt på førehand går det fint. Det kjem òg til å vera fleire rolege periodar i løpet av desse åra.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Fleire saker