Full trøkk med Chefs-truck

Havnechefen-kokk Frank Bruarøy boblar over av idear til vidare servering på Øyro. Første steg blir foodtruck på Telthusplassen.

Frank Bruarøy vil på Telhusplassen med foodtruck mens han håper å bli leigetakar i det komande glasbygget «Osroso». Den øvste trucken er bestilt, den nedste står på ønskjelista til seinare. (Foto: Cathrin Valestrand/leverandør)
Cathrin Valestrandtirsdag 15. mars 2016 15:36

I slutten av februar tok Havnechefen pause og flytta ut av Buggegården. Vekene før og etter avsluttinga i Brugata har kokken nytta godt, og han har, ved sidan av å vera i dialog med Os kommune om å bli leigetakar i det komande glashuset «Osroso» på Torget, fleire spennande konsept på gang.

Matvogna, som blir Havnechef-kokken og gründeren sin første matutsalsstad etter restauranten, er alt bestilt.

– Det er seks til åtte vekers leveringstid, så er vi heldige kjem den i månadsskiftet april-mai. Då set vi umiddelbart fullt trøkk på trucken og set i gang igjen, seier Frank med eit smil.

Kompakt kjøkken

– Vi kjem framleis til å selja heimelaga mat, men ikkje heilt på same nivå som Havnechefen. Det blir lettare mat, som bakte poteter med hakker meir spenstig topping enn mais og smør, gode supper, heimelaga panini og wraps.

– Kanskje kan vi ha sjømat og grillspyd om sommaren også. Menyen kjem vi til å fortsetja å jobba med no fram til trucken kjem.

Telt i Telthuskvartalet?

Os Sentrumsforening har gjeve løyve til å plassera truck og utsalsstad i Telthuskvartalet.

– Vi vil nok gjerne søkja om å få setja opp ein paviljong eller eit telt inntil foodtrucken, slik at vi kan tilby kundane våre sitjeplassar. Går det i orden kjem vi til å søkja om å få skjenkeløyve der også.

– Vi kjem til å prøva å gjera det litt koselig med litt plantar og slikt rundt. Det blir heilt sikkert bra, seier Frank.

– Elles er vi førebudd på at det i samband med opprusta på Øyro kan verta eit problem med byggestøv og slikt, så vi jobbar med to alternative plasseringar utanfor «gryta» i sentrum. Vi kan jo følgja folkestraumen når vi har kjøkken på hjul!

Fleire «lokale»

Foodtrucken er ein snerten, liten og kompakt sak, og derfor ikkje best eigna til grovproduksjon.

– Eg ser føre meg at det kan bli litt kummerleg å stå inne i den lille trucken og hakka laus og førebu matservering. Vi jobbar med å finna eit lokale til grovproduksjon av mat til vogna.

– I tillegg har voi planar om å skaffa ein større foodtruck med meir avansert kjøkken som ei forlenging av konseptet vi håper å få utvikla i Osroso, seier han hemmelegheitsfullt.

Vil presentera spennande Osroso-konsept

I midten av april har Frank sikra seg eit møte med kommunen. Då vil han presentera konseptet han ønskjer å få til i Osroso.

– Eg kan ikkje røpa så mykje av det - kommunen skal få presentert ideane først. Det eg kan seia er at det er kjempespennande og eit stort prosjekt der kortreist mat frå dyr som har hatt det bra blir kombinert med fagleg tyngde innan helse. Det skal sjølvsagt framleis vera gode smakar og god mat, kanskje til og med smaka betre enn nokonsinne.

– Eg ser på Osroso litt som eit pilotprosjekt i denne samanhengen. Kven veit - kanskje konseptet vil breia om seg etterkvart?

Jakta lokale matskattar

Sjølv om det er eit nytt og spennande konsept Frank ynskjer å starta med i Osroso er han framleis oppteken av tradisjonsmat.

– Eg kunne tenkt med å hatt eit prosjekt der ein kunne fått samla inn nokre av dei gode gamle oppskriftene som finst rundt om i Osbygdo. Det hadde jo vore kjekt å få til tradisjonsmat på søndagane til dømes, men fokus på tradisjonsmat og matskattar frå distriktet her.

– Mange unge i dag kan ikkje å laga skikkeleg mat frå botnen av, og eg skulle ønske nokon kunne sikra mattradisjonane i Os før dei forsvinn i Toro-posar og halvfabrikat.

Bienes konge

Som eit lite sidesprang til food-truckar skal Frank og sambuaren i dag starta med ein heilt ny mat-relatert hobby.

– I dag skal vi byrja på birøktar-kurs, og planen er å få på plass ein biefarm om ikkje så lenge. Vi tenkjer å starta i det små med tre bikuber, men det kan jo hende det aukar på etterkvart!

– Planen er å bruka vår eigen honning der det er naturleg i det nye matkonseptet, men også at vi produserer rein honning for sal.

Elles vil ikkje Frank røpa meir om planane framover førebels.

– Om ein månad veit eg veldig mykje meir om det meste. Eg vil ikkje røpa for mykje enno, seier han og blir stum som ein østers.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.