Lokal | 11. apr. 2017

Fullbooka 30 dagar fram

Os lensmannskontor blir nedringt, og har no lagt ut nokre få ekstratimar for bestilling av nytt pass.

Fullbooka 30 dagar fram
Treng du nytt pass før sommaren? No har det for alvor byrja å bli knapt om plassen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. apr. 2017 10:31

For ein månad sidan fortalte Os lensmannskontor om fleire fullbooka dagar etter at dei i januar starta med timebestilling for dei som vil ha nytt pass. Dei fortalde òg om korleis folk frå nabokommunane er med på å fylla timeplanen ved passbestillinga hos Os lensmannskontor.

Politiet ba folk vera tidleg ute, og det har dei vore.

Dei neste 30 dagane er fullbooka, og du kan berre bestilla 30 dagar fram i tid.

Alternativ? Køyr til Askøy

– Vi blir no nedringt frå folk som treng pass, men dei som har hastverk må no prøva å få ledig time ein annan plass, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

I Hordaland er Os ein av fem passkontor, dei andre er i Fyllingsdalen, på Askøy, Sotra og i Nordhordland. Innbyggarane kan kjøpa pass der dei ønskjer, og spesielt i Fana er det populært å køyra til Os.

På Askøy er første ledige time 25. april, i Fyllingsdalen er det ikkje ledig før 2. mai.

Oppdatert: Midtsiden har etter publisering blitt gjort merksam på at Fusa og Tysnes lensmannskontor (i Eikelandsfjorden), Norheimsund og Austevoll òg er alternativ, men at her er det drop-in, ikkje timebestilling.

La ut 18 ekstra i dag

Så kjem det ein beskjed frå ein kollega.

– Det er visst nett lagt ut nokre ekstratimar i april og første veka i mai.

Det einaste som no er ledig er 3 pass i neste veke (veke 16), 5 veka etter og 3 ti minutt-økter kvar av dei ti neste vekene.

Ekstern lenkje: Her kan du bestilla time til å få nytt pass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.