Lokal | 19. aug. 2020

Fulle båtfolk la til kai mens politiet såg på

Mann i 40-åra mistenkt for promillekøyring.

Fulle båtfolk la til kai mens politiet såg på
Politiet sto klare då det festlege laget la til land. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2020 07:39

Tysdag i 21.30-tida kom ein båt inn Os hamn, med passasjerar i festleg lag.

Men det var ikkje berre passasjerane som hadde fått seg noko å drikka.

Politiet var i hamna, og observerte kven av dei om bord som køyrde båten, og gjekk i dialog då dei la til land.

– Båtførar blåste til godt over lovleg verdi, og blei tatt med til legevakt for blodprøvetaking, fortel politiførstebetjent Sindre Lekven Hallem.

Promillegrensa til sjøs er 0,8.

Båtførar, ein mann i 40-åra frå Fusa-sida av kommunen, er mistenkt for å ha køyrd båt med over lovleg promille.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.