Sport | 15. sep. 2019

Fullførte halvmaraton i København

Rådmann og assistent fekk lufta hovudet på flat mark.

Fullførte halvmaraton i København
Christian F. Fotland og Andris Hamre før start i København i dag. (Foto: Camilla Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2019 17:52

Mens lokalpolitikarane i Os er i forhandlingar om ordførarposisjonen etter valet, har leiinga av administrasjonen «rømt» rådhuset for å lufta hovudet. Rådmann Christian F. Fotland og rådgjevar Andris Hamre fullførte i dag København Halvmarathon. Saman med 25.000 andre.

– Det er eit fint og flatt halvmaraton, med 100.000 publikummarar og god stemning. Men same kva veg vi løpte i dag, så var det motvind. Det kjentes i alle fall sånn ut, seier Fotland og ler.

– Dette var mitt fjerde halvmaraton, og det var litt tyngre enn eg trudde. Distansen i Danmark blir kalla lett, fordi løypa er flat, men det å ikkje få variasjon synest eg var litt tungt, seier Hamre.

Eit løfte frå sjukesenga

Begge sprekingane er ganske ferske innan halvmaraton. Andris har tidlegare løpt Valdresflya, Beitostølen og Bergen City, Christian har berre løpt éin gong før, i Købehavn i fjor.

– Det var eit løfte eg gav meg sjølv for tre år sidan, etter brått å ha hamna på sjukehus, lam frå halsen og ned.

Rådmannen hadde hatt omgangssjuke, men så byrja bakteriane å slåst med nervesystemet langs ryggsøyla. Guillian-Barré syndrom er noko sjeldant, men tilsvarande som basketballspelaren Marco Elsafadi hadde.

Rådmannen blei lam i ei veke og brukte tid på å trena seg opp igjen.

– Frå sjukesenga lovde eg meg sjølv at om eg blei frisk, så skulle eg løpa halvmaraton. Eg manglar framleis litt refleksar i beina, men løpte mitt første halvmaraton i fjor.

– Det måtte bli her i København, der det både er flatt og der det ikkje er så stor sjanse for at nokon eg kjenner sto og såg på.

– Ei god kjensle

Både Andris og Christian fullførte, rådmannen på tida 02.21,02, rådgjevaren på 02.06.09.

– Eg skjerpa tida litt frå i fjor, men berre med rundt 17 sekund.

I år som i fjor synest han det gir ei god meistringskjensle å koma i mål etter fullførte to mil med løping.

– Sett vekk frå motvinden så var det gode forhold, 18-19 gradar og opphaldsvêr nesten heile turen, fortel Fotland.

Geoffrey Kamworor frå Kenya kom i mål på 58.01, som er ny verdsrekord i halvmaraton.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.