Sport | 25. mai 2011

Fullførte i Køben

For to månadar sette tre kameratar seg eit mål for å halda oppe treningsmotivasjonen; Nykredit Copenhagen Marathon.

Fullførte i Køben
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mai 2011 10:52

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Søndag deltok Kristoffer Tysseland, Kjartan Hagevik og Torbjørn Skjeldal frå Os på sitt første løp - debuten var 42,195 kilometer lang og låg i København.

– Vi bestemte oss for to-tre månadar sidan, vi ville ha eit mål som motivasjon til løpetreninga, fortel Kjartan Hagevik.

Frå fjell til asfalt

Kjartan og Torbjørn har halde seg i form på tredemølle når dei har vore på jobb i Nordsjøen, Kristoffer har blant anna testa løypa mellom Os og Bergen.

– Tidlegare sprang eg mest i fjellet, men no i det siste har vi halde oss på asfalten i Os, for eksempel rundt Ulven. Vi sprang også Ulvenmarsjen, men løpet i København var første maraton.

Sleit dei siste 12

Alle dei tre gjennomførte, Kjartan på tida 3.41, Torbjørn på 4.22 og Kristoffer på 4.47.

– Både Kristoffer og Torbjørn fekk litt problem med kne og måtte gå nokre kilometer. Eg har hatt tull med kneet tidlegare, men for min del gjekk det fint å springa 42 kilometer.

– Men dei siste 12 var tunge, då handla det mykje om vilje til å gjennomføra.

Finsk vinnar

Dei tre osingane er nøgde med at dei ikkje blei blant dei over 600 som ikkje kom seg i mål. Nykredit Copenhagen Marathon hadde i år 11.919 påmeldte, 9.768 over startstreken og 9.209 løparar i mål.

Finske Marten Boström vann herreklassen med tida 2.21.24. I kvinneklassen var danske Anne Sofie Pade Hansen først i mål. Ho sprang på tida 2.45.30.

Her kan du lesa meir om Nykredit Copenhagen Marathon

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.