Sport | 21. aug. 2017

Fullførte semifinalen med tre hjul

RallyX Nordic: Jarle Nytræ blei påkøyrd i sin første semifinale for sesongen.

Fullførte semifinalen med tre hjul
Han låg som nr 3 i semifinalen då han blei påkøyrd, men fullførte med tre hjul. (Foto: NytræRx)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. aug. 2017 08:31

Bildeserie:

Bilen fekk omfattande skade. (Foto: NytræRx)
Bilen fekk omfattande skade. (Foto: NytræRx)
– Vi får mykje jobb med å få den klar til dei to siste rundane. (Foto: NytræRx)
– Vi får mykje jobb med å få den klar til dei to siste rundane. (Foto: NytræRx)
1 av 2
Bilen fekk omfattande skade. (Foto: NytræRx)
– Vi får mykje jobb med å få den klar til dei to siste rundane. (Foto: NytræRx)

I helga var CircleX i Danmark for å køyra fjerde runde i årets RallyX Nordic.

Jarle Nytræ frå NytræRx var einaste sjåfør som stilte frå rallycrossteamet, og innleia helga med gode treningsresultat.

– Vekslande vêr og mykje vatn på banen gjorde forholda vanskelege, fortel Nytræ.

Han hadde òg litt småproblem med motoren, men klarte for første gong denne sesongen å kvalifisera seg til semifinale.

Mista eit hjul

Også i semifinaleheatet klarte Nytræ seg bra, og låg på 3. plass då han blei påkøyrd av Mats Öhman, som kom ut av joker-runden. Jarle sin Volvo C30 mista eit hjul og fekk omfattande skadar framme på venstre side.

Trass skaden gjennomførte Jarle semifinalen. På tre hjul.

– Det blir mykje jobb på bilen til neste løp, men vi skal klara å få den klar, seier ein uskadd Jarle.

Det er to løp igjen i årets sesong, begge går i Sverige i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.