Sport | 09. juni 2015

Fullt hus på Dahle og Eidsvik

Fleire osingar hevda seg i skyttarstemne på Seim og Meland i helga.

Fullt hus på Dahle og Eidsvik
Reidar Dahle vann si klasse på stemnet på Meland. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtirsdag 09. juni 2015 13:02

I helga var det skyttarstemne både på Seim og Meland. Over 20 osingar tok turen nordover i fylket.

Fleire av gjengen frå Os Skyttarlag markerte seg, spesielt Reidar Dahle og Else Eidsvik, som skaut fullt hus i sine klassar.

– Dahle vann V-65 på Meland med 350 og 31 innertiarar og Eidsvik fekk 2. plass i klassen V-73 på Seim, berre to innertiarar for lite til å ta 1. plassen, fortel Anstein Eidsvik frå Os Skyttarlag.

På Seim gjorde og Øystein Haugland det bra og endte på 5. plass i klassen 3-5 med 344 poeng.

Lovande rekruttar

Blant deltakarane frå Os Skyttarlag var det og ni rekruttar, der Sofia Dale var beste på Seim med ein 4. plass i rekruttklassen.

Sjølv om dei blei offer for problem med skivemateriellet på 100 meter på Meland klarte Loke Eide å kapra 3. plass i rekrutt.

Les òg: Midt i blinken på første forsøk

– Loke Eide har vist stor framgang siste tida, og saman med Sofia Dale, Sofie Evensen, Markus Johannessen og Kyrre Haugland byrjar å bli blant dei beste i samlaget.

– Denne helga er det Hordastevnet på Voss og kanskje vågar vi håpa på finaler og fleire topplasseringar der, seier Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.