Anne Matre (t.h.) saman med tre nøgde gjestar på damenes aften. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fullt hus på damenes aften

Nabobutikkane Rørleggeriet og 2Villa arrangerte foredrag med Anne «på landet» Matre.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Vi hadde lyst til å gjera noko saman, vi og nabobutikken 2Villa, og klarte å rydda plass til 55 gjestar. Etter fire dagar var det fullbooka og venteliste, fortel Marianne Rikstad frå Rørleggeriet Os.

Rørleggeriet tredobla då dei flytta frå Landboden til Os Næringspark i september i fjor. Ti månadar tidlegare opna interiørbutikken 2Villa i nabolokalet.

Til å snakka om bad og interiør i andre rom hadde dei to hyra inn bloggar og rådgjevar Anne «på landet» Matre.

– Folk har ulike bad, både i storleik og innreiing, men det eg vil tru at alle gjestane har til felles er at dei faktisk har eit bad. Då eg vaks opp, i ein storfamilie med fem søstrer og besteforeldre, hadde vi ikkje bad - men vi delte ein do. Doen var på eit så lite rom at eg, som var ferdig utvaksen som 13-14 åring, måtte gå på do med døra open for å få plass til beina, fortel Anne.

Det blei både latter og rørarande skildringar då ho fortalte om kva eit rom kan bety for både starten på dagen og for søvnen din.

– Ikkje ver redd for å bryta med stilen

Det faglege fokuset var på både det å kombinera stilartar og fargar - og på korleis du kan fornya eit rom også på lågt budsjett.

– Badet er der du startar og avsluttar dagen. Om ikkje det passsar å rusta opp heile, kan kanskje det å skifta nokre gamle, gule pakningar, få eit nytt dusjhode eller noko nytt dekor, gje badet eit løft.

– Eg ville dessutan visa eksempel på kombinasjonar av stilartar. I Os er vi heldige med eit godt utval av interiørbutikkar, der kvar enkelt er unik i vareutvalet, frå Bohus og GH Interiør til Nordisk Rom og 2Villa. Vi kan velja mellom varer frå mellom anna Norden, India, USA og Uganda.

Alle som hadde meldt seg på, pluss nokre til, møtte fram. Damenes aften på kvinnedagen var gratis, og gjestane fekk både tapas, frukt og kaker, ein overraskelsespose med gåver og eit lodd som fleire vann varer på.

– Vi har kost oss veldig, med god mat, gode råd og kveldshandel i to store, spennande butikkar, seier venninnene Karin Mjelde og Lene Flesland.