Lightsand plateslepp • Er-An 2017

Fullt hus på Lightsand-release

Steinar «Lightsand» Lyssand fekk seg sjølv ei overrasking i løpet av sleppefesten for sitt første soloalbum.

Av: Ørjan Håland

Laurdag hadde Steinar «Lightsand» Lyssand release for sitt første album som soloartist, «Monday morning call».

– Det blei som vi hadde håpa på, fullt hus og fleire som stilte med cowboyhatt, fortel Lightsand om sleppefesten på Er-An Veikro.

• Sjå òg: Steinar «Lighsand» Lyssand debuterer som soloartist (video)

Konserten var utseld tidlegare same dag, og vegkroa opna både utehage og skulebuss for å få plass til flest mogleg. Folk kom så tidleg at den plateaktuelle soloartisten måtte på scenen før planlagt tid.

– Stemninga var utruleg god, eg selte to kartongar med CD-ar og har aldri skrive så mykje autografar før.

Blei heidra av vertskapen

– Eg var litt spent på korleis det skulle gå med balladane, då stemninga var så høg, men då eg song den eg har skrive til kona mi, Grethe, var det heilt stille på vegkroa, og full applaus etterpå.

Lightsand takkar publikum og vertskapen, og fortel om det han sjølv opplevde som kveldens høgdepunkt:

– Eg blei heilt sett ut då Linda (krovert Linda Andersen) avduka platecoveret mitt som dekor på bardisken.

Det blir ei stund til neste gong Lightsand speler materiale frå soloalbumet sitt, då resten av hausten er fullbooka med andre band.

– Men eg har allereie fått nokre førespurnadar frå ulike utestadar, og vil seinare retta meg mot festivalar.

Onsdag er Steinar i NRK Hordaland sitt studio. Sendinga kan du høyra frå rundt klokka 15.30.

 

 

Fleire saker