Fullt hus på Ole B
VIDEO: Verdiløse Menn og Birger "Biggen" Holmefjord rocka jula ut i Lysefjorden.
Laurdag kveld var det tid for eit av dei årlege høgdepunkta i Lysefjorden, lokale musikarar som rocka jula ut på Ole B-stuene.
Verdiløse Menn, som i hovudsak speler coverlåtar av rockeband som Raga Rockers og DumDum Boys, stilte i går med følgjande mannskap;
Sven-Erik "Svenna" Gabrielsen (vokal, gitar), Jan-Ove Hansen (vokal, bass), Heine Salbu (vokal, gitar) og Jan Atle "Padden" Åserød (vokal, trommer).
Det livlege coverbandet supplerte det norske utvalet med fleire Kim Larsen-låtar før det var pause mellom setta.
I pausen var det minst like livleg på dansgolvet, for då var det ein annan lokal helt, meir rutinert, og med eldre repertoar, som overtok mikrofonen.
Birger "Biggen" Holmefjord ER Mick Jagger når han drar på med Rolling Stones-klassikarar.
Marita Hjelle var med på vokal på minst éi låt med Verdiløse Menn, Trond-Ove Wik, som styrte lyden, spelte sologitar med Biggen.
Ole B var fylt med over 150 gjestar i festleg humør.
VIDEO: Sjå delar av Verdiløse Menn sitt første sett og Biggen i sving med Honky-Tonk Woman. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)