Kultur | 01. juli 2012

Fullt hus på Peppes

- Publikum på Os er alltid fantastiske, ropte vokalist Helge Tverdal i Vetrhus Blues Band entusiastisk frå scenen på Peppes.

Fullt hus på Peppes
Vokalist Helge Tverdal (t.h.) og Daniel Kambestad (t.v.) på munnspel poserer for tre ivrige fotografar. (Foto: Karen Richardsen Moberg)
Karen Richardsen Mobergsundag 01. juli 2012 20:18

Bildeserie:

Utselt på Peppes: Denne venegjengen måtte sjå konserten frå eigen båt. (Foto: KRM)
Utselt på Peppes: Denne venegjengen måtte sjå konserten frå eigen båt. (Foto: KRM)
ORBO & The Longshots i full sving i Oseana. (Foto: KRM)
ORBO & The Longshots i full sving i Oseana. (Foto: KRM)
Vetrhus lagde liv på Peppes. (Foto: KRM)
Vetrhus lagde liv på Peppes. (Foto: KRM)
For fullsett sal. (Foto: KRM)
For fullsett sal. (Foto: KRM)
Teresa James & The Rythm Tramps i Oseana. Dei slepp ny plate over sommaren. (Foto: KRM)
Teresa James & The Rythm Tramps i Oseana. Dei slepp ny plate over sommaren. (Foto: KRM)
1 av 5

Stemninga var på topp laurdag kveld under Osøren Blues & Jazzfestival. På Peppes vart det trongt om plassen – billettane vart nemleg utselde allereie medan kanadiske C. W. Jones spelte deira tredje og siste konsert under festivalen.

Betre seint enn aldri

Det var ikkje berre på Peppes det blei liv og leven.

Då dei lokale heltane ORBO & The Longshots gjekk på scenen i konsertsalen i Oseana nesten 30 minutt etter skjema, gjekk det ikkje meir enn ein augneblink
før danseglade føter fór over dansegolvet.

Trassa vêr og vind

Venegjengen Hans Johan, Hildegunn, Bård, Eva og Inger-Lise kom frå cruise med MS Midthordland og ville fortsetja kvelden med noko blues, men blei tvungne til å trassa bølgjene og fortsetja festen til sjøs.

- Nedtur, men eg hadde ikkje noko anna å by på, sa båteigar Hans Johan Hatlem om det å gå frå cruise til sin eigen Viksund.

Gjestane hans såg ikkje ut til å ha det så aller verst. Gjengen ville eigentleg ha vore på Peppes, men sidan det ikkje var mogleg å koma inn, vart det ei god løysing å høyra musikken frå brygga.

– Alle er i humør

”Everybody is in the mood” song Helge Tverdal frå Vetrhus Blues Band frå scenen.

Det kunne ikkje ha vore meir presist, for dansegolvet framfor scenen var heilt fullt av amatørdansarar som swinga til dei energiske tonane.

Sakna reklame i lokalavisa

- C. W. Jones var bra, men eg er meist spent på Vetrhus. Det blir stemning, sa Beate Helle frå Samnanger.

Helle visste ikkje kva ho gjekk til då ho drog til Os for å få med seg festivalen, og her spesielt Vetrhus som ho har sett opptre fleire gongar før.

- Det er ein kjempe flott festival, så eg synes jo det er rart at arrangørane ikkje har reklamert meir i andre delar av landet.

Dama frå Samnanger etterlyste reklame i lokalavisa Samningen, og håpa at arrangørane vil vurdera å spreie ordet meir kring neste års
arrangement, så fleire blues- og jazzentusiastar kan få oppleva dette flotte arrangementet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.