Fullvaksinert mann fekk påvist covid-19

Ein del av Lurane-utbrotet.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juni 2021 10:26

Ein mann i 80-åra fekk påvist covid-19 i går, onsdag, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Mannen er fullvaksinert og husstandsmedlem til eit anna påvist smittetilfelle.

– Mannen har ingen symptom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Smittetilfellet har samband med utbrotet ved Luranetunet.

Dette er første smittetilfellet i Bjørnafjorden sidan fredag 4. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.