Korona | 27. mai 2021

Fullvaksinert tilsett konstatert smitta

Tre kollegaer på Luranetunet er i karantene.

Fullvaksinert tilsett konstatert smitta
Luranetunet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2021 12:04

Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Den tilsette er fullvaksinert. Det same er alle bebuarane på avdelinga den tilsette jobbar ved.

Pårørande og tilsette er informerte om situasjonen.

Tre tilsette ved Luranetunet er nærkontaktar og sett i karantene. Smittesporing av andre nærkontaktar pågår.

Låg risiko for smitte

– Risikoen for at ein fullvaksinert person smittar vidare, er svært låg - maksimalt fem prosent dersom ein er i tett kontakt over tid, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Sjukeheimen held fram med vanleg drift, men testar bebuarane og dei tilsette ved den aktuelle avdelinga på dag 3 og 7.

– Vi har diskutert dette med Folkehelseinstituttet, og dei er einige i våre vurderingar,

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.