Lokal | 19. feb. 2019

Fungerer bølgedemparane?

VIDEO: Fredag måtte denne 45 fot store båten trekka seg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. feb. 2019 14:12

Bildeserie:

25. januar gjekk det kvitt på fjorden. (Foto: KVB)
25. januar gjekk det kvitt på fjorden. (Foto: KVB)
Likevel var det stille sjø på innsida. (Foto: KVB)
Likevel var det stille sjø på innsida. (Foto: KVB)
1 av 2
25. januar gjekk det kvitt på fjorden. (Foto: KVB)
Likevel var det stille sjø på innsida. (Foto: KVB)

I romjula kom dei siste av dei fire bølgedemparane på plass i Os hamn.

• Les òg: Er opninga mellom bølgedemparane stor nok?

Det var i utgangspunktet sett av 21 millionar kroner til prosjektet, som fekk ein endeleg prislapp på 37 millionar. Skjerming av Os hamn har kosta, men har hatt høg prioritet, og vore sterkt anbefalt, blant anna av dei som driv suksesshamna i Bekkjarvik.

Men fungerer bølgedemparane, som har hatt modell til test i Spania, som venta? Minst to gongar etter nyttår har dei fått testa seg:

• Fredag 25. januar (sjå bilde) såg det bra ut, forskjellen på innsida og utsida av bølgedemparane var stor, sjølv om det bles frisk bris (8-10 m/s) frå ugunstig retning (søraust).

• Fredag 15. februar (sjå video) såg det, i alle fall med utrente auge, mindre bra ut.

Midtsiden blei kontakta av to uavhengige turgåarar som var overraska over det som såg ut som manglande effekt. Ifølgje vêrmeldinga var det mellom 3,9 og 4,8 m/s (Yr vs Storm).

– Det er så vidt det bles utpå, men eg hadde aldri lagt meg i hamna sånn den ser ut no, sa ein av dei.

– Stor forskjell

Midtsiden tok turen ut i hamna med videokamera, og mens vi filma kom ein 45 fot lang Fairline inn hamna. Den vugga godt, også då den var heilt inne ved Oselvarnaustet.

– Eg kjøpte båten på fredag, og tok ei helg i Os på veg frå Sunnhordland til Bergen, fortel båteigar Espen Opdal.

– Det var stor forskjell på sjøen utanfor og innanfor bølgedemparane. Dei tok dei fleste bølgene, sjølv om det toppa seg litt i opninga, men noko rulling blei det innover i hamna.

Han hadde plan om å legga seg ved gjestebrygga mellom Peppes og Esso, men slo det frå seg.

– Eg hadde ikkje behov for å bunkra, så vi la oss innanfor den eine moloen og blei liggande til søndag.

Godt nok?

Bølgedemparane er ikkje meint å kunna skjerma mot vinterstormane, men skal skapa ei trygg hamn sommarhalvåret.

Fleire faktorar enn vindstyrke og retning speler inn, frå flo og fjøre til vassmengde i Oselvo.

Midtsiden har tidlegare i dag sendt video til Akvasafe, som har utvikla bølgedemparane.

– Vi er fleire som vil sjå på video-opptaka før vi kjem tilbake med svar på spørsmål om vi ser på effekten som god nok, seier John Knudsen.

• Svar: – Har bygd seg opp over tid

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.