Kultur | 15. mars 2012

Funky ferjekaptein

Tre år etter at han selte Bar2Be er Helge Andersen framleis aktiv i utelivsbransjen. I april tar han artistar som Scooter og Haddaway til Vestlandet.

Funky ferjekaptein
Helge Andersen held fram med å dyrka 90-talet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2012 22:04

Fusingen Helge Andersen (34) flytta til Os for 5-6 år sidan, og starta kort tid seinare uteplassen Bar2Be. I 2009 tok andre prosjekt overhand og ferjekapteinen, som framleis bur i Os, selte nattklubben i Os.

Han blei medeigar både på Lille i Bergen og i Det Midthordlandske Dampskibsselskab AS, selskapet som eig veteranbåten MS Midthordland. I tillegg er Helge, som har jobba i utelivsbransjen sidan 1996, med i DJ-gruppen, ei dj-gruppe som består av, forutan Helge, Petter Lavern, Frank Lihaug og Kenneth Etim.

Men i desse dagar er han aktuell på grunn av noko han gjorde på Os for nokre år sidan, som gav meirsmak; arrangera konsert med heltar frå 90-talet.

– Det er noko med det å høyra igjen musikk frå eigen ungdomstid. Eg fekk min første cd-spelar i 1990 og musikken frå åra som følgte betyr framleis mykje for meg, seier Helge.

– Dessutan let det seg fint gjera å booka artistar frå denne tida, også utanlandske, til vellukka arrangement, små som store.

Alban, Ingenting og Elvis

På Bar2Be hadde Helge tett samarbeid med Os Rockeklubb, Os Rock City. Men han booka også popband og artistar kjent frå 90-talet, som Ingenting og Dr Alban.

Ingenting frå Sandnes selte 120.000 album på 90-talet, den svenske tannlegen og dj-en Alban Nwapa har selt 5 millionar album og 6 millionar singlar over heile verda.

– Begge konsertane blei store suksessar. Men den største suksessen på Bar2Be var Kjell Elvis, humrar Helge.

Gylne tider

Ved sidan av puss og drift av veteranbåt og dj-jobbar i Bergen har Helge heldt fram med å arrangera konsertar. I tillegg til kapteinjobben på ferja mellom Skjersholmane og Ranavik, der han jobbar i turnus, 1 veke på, 2 veker av.

– Vi lagde 90-talsfesten "Back to the 90's" på Verftet, med Haddaway, Snap og Dr Alban på scenen. Det blei ein stor suksess.

– Så kom eit størreproduksjonsselskap og gjorde liknande turné over heile landet i fjor, og det er dei eg samarbeider med her i Bergen.

LIVE - faktisk!

I fjor selte 90-talskonserten ut alle dei 5500 billettane i Bergenshallen i god tid før konserten starta. I år tar dei "We Love the 90's", som turneen heiter, til Vestlandshallen med kapasitet på 10.000 publikummar under tak.

– Både i fjor og i år så er det fleire som spør om artistane faktisk kjem, eller om det er dj som speler musikken deira. Og ja, artistane kjem faktisk.

I det som er ein 90-talsturné som skal innom både Stavanger, Bergen, Ålesund og Oslo stiller 6 kjente band som var store på 90-talet:

• Daze frå Danmark gjorde stor suksess med låtar som ”Superhero”, ”Tamogotchi” og ”Together Forever” i 1998.

• Dr Bombay frå Tyskland har selt over 1 million plater og er kjent for engelsk med tulle-indisk aksent på låtar som "Calcutta (Taxi Taxi Taxi)" og “Rice & Curry”.

• Captain Jack, også han frå Tyskland, har selt 19 gongar til gull og platina. Bandet er mest kjent for låta med same namn som bandet.

• Låta Mr Vain var ein landeplage på 90-talet. Bandet bak, Culture Beat, har selt 10 millionar plater og står også på plakaten til Andersen.

• Scooter er ei tysk superstjerne som har selt over 25 millionar plater. Scooter er kjent for låtar som "Move Your Ass!", "Hyper Hyper" og "How Much Is The Fish?".

Konsert og show

14. april kjem turneen til Bergen. Turneen innheld meir enn musikk.

– I tillegg til desse kjente banda har vi fått med oss dj-duoen Howard og HC Andersen. Dei to kjente og kjære radio-programvertane har i tillegg til å styra showet planar om å laga show sjølv, blant anna med mange morosame og stemningsskapande tilbakeblikk på 90-talet, på tre store skjermar.

– Det som er morosamt å sjå på desse arrangementa er spranget i alder på dei som kjem. Mange er som meg, mellom 30 og 40 år, men vi har også eldre og endå yngre gjestar på desse konsertane. 90-talet er verdt å sjå tilbake på, slår Helge Andersen fast.

PS! Den same dagen som turneen kjem til Bergen skal MS Midthordland på årets første tur, med firma frå Bergen på fjorden for å kosa seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.