Kultur | 24. juli 2019

Funn av gamalt brev kan ha skapt ny tradisjon

Museet Lysøen fann oppskrift på korleis Ole Bull markerte sankthans for 140 år sidan. Så gjenskapte dei det.

Funn av gamalt brev kan ha skapt ny tradisjon
Ole Bulls villa på Lysøen. Side éin av brevet innfelt. (Foto/kjelde: Kjetil V. Bruarøy/Bergen Offentlige Bibliotek)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juli 2019 12:17

Bildeserie:

Første side av brevet. Kjelde: Bergen Offentlige Bibliotek
Første side av brevet. Kjelde: Bergen Offentlige Bibliotek
1 av 1
Første side av brevet. Kjelde: Bergen Offentlige Bibliotek

«Tæt ved Lysekloster ligger et fjeld det kaldes Lyshornet. Det ser ud som en kegle og rager 1.270 fod over havfladen» står det i brev til Bergens Tidende datert 1879.

Folk i Lysefjorden hadde naturlegvis høyrd om verdskjendisen før dei fekk han som nabo. No hadde han deltatt i tradisjonsrik marsj til Lyshorn og var fascinert over utsikta og alle sankthansbåla dei såg frå toppen.

Men tre år seinare var «fjeldets top innhyldet i taage», så Ole Bull inviterte gemene hop heim til seg sankthansaftan. Fleire hundre kom til Lysøen.

«Man samlede derpaa i Ole Bulls prægtige sal (...) og stode nu i salens ene ende lyttende til den store mesters toner».

– Det var tilfeldig at vi fann dette brevet, og denne levande skildringa over korleis Ole Bull feirte sankthansaftan med innbyggarane for 140 år sidan, seier leiar ved museet, Berit Høgheim, til Midtsiden.

Vellykka kopi

I dag kan kven som helst besøka Lysøen når dei vil. Likevel blei det god respons då museet inviterte til sankthansfest i Ole Bull-stil.

Programmet hadde høg kvalitet; konsert med Arve Tellefsen, Tuva Hongve, Christian Ihle Hadland og Knut Buen - og pause med quiz, delvis forma av Arve Tellefsen sjølv.

– Vi visste ikkje kva vi kunne venta oss, kva tradisjonar folk har denne kvelden eller om dei var opne for noko nytt, seier Berit.

Over hundre møtte fram.

– Var det bål og grilling?

– Bål på Lysøen, er du gal? Nei, vi serverte rømmegraut, fortel museumssjefen og ler av det risikofylte forslaget frå underteikna.

«Song til Os» utan noter

Det blei tre innhaldsrike timar denne søndag ettermiddagen. Konserten, som starta med bergenssongen «Udsigter fra Ulrikken», ofte kalla «Nystemten», fekk ei endå meir lokal avslutting.

– Då kom det tydeleg initiativ frå salen, Ossongen (Song til Os) måtte syngast.

• Les teksten og sjå musikkvideo av «Song til Os»

Tellefsen visste ikkje at Os hadde eigen song, og det blei ivrig søk etter notene til denne.

– Notene fann vi ikkje, men vi hadde teksten. Vi rakk ikkje å starta andre sett med Ossongen, men på oppfordring frå Tellefsen blei det ein nydeleg a cappella-versjon som avslutting på dagen, leia av Ingebjørg Astrup.

– Lysefjordingane i salen hadde godt av dette, dei fleste kan berre første og fjerde vers. Vi veit ikkje om dette blir ein tradisjon, men vi er veldig nøgd med korleis denne sankthansaftan blei.

• Sjå fleire videoar frå sankhans på Lysøen si side på Facebook

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.