Lokal | 12. apr. 2012

Funnen i Ulvenvatnet

På øving med redningsdykkarane fann Os brannvesen ein sykkel og ein moped. No er politiet kopla inn.

Funnen i Ulvenvatnet
Tysdag tok brannvesenet opp ein moped og ein sykkel frå Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. apr. 2012 10:16

Tysdag blei ein moped og ein sykkel heva frå botnen av Ulvenvatnet. Det var redningsdykkarar frå Os brannvesen som fann syklane under brygga i Sigurdsvika.

– Vi såg mopeden då vi hadde øving under is i februar. Planen var uansett å ta dette på land, sidan det er forureining, men sidan dette kan vera noko som er stole så varsla vi også politiet, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Ikkje tjuvgods

Onsdag var politiet i Sigurdsvika for å sjå nærmare på funnet.

– Sånn det ser ut no så har vi frå før ikkje registrert verken mopeden eller sykkelen som stolen, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

– Men det er mogleg at nokon har sakna desse kjøretøya utan å melda frå.

– Alt skal opp!

Brannsjefen seier Os kommune har ein policy om at alt skal opp, ikkje berre kjøretøy, men også båtar som søkk.

– For det første vil eg presisera at dette ikkje er måten å kvitta seg med ting på, om dei som har kasta mopeden og sykkelen også er eigarane av kjøretøya.

– Og generelt har vi i Os ein praksis med å heva det som let seg heva, om det for eksempel er ein båt som har sokke ned på ti meter så vil vi ikkje lata den bli liggande, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.